2018

Lynsjakk fredag 28. desember
Sidan det er NM i lyn- og hurtigsjakk i Bergen 4.-6. januar 2019, hadde me ei ny lynsjakktrening fredag kveld + VM i hurtigsjakk på storskjerm. 10 spelarar stilte til start, det vart spelt 9 rundar - med tidshandicap for dei spelarane med rating som møtte motstandar utan rating. Shjalg Ole sigra med perfekt score 9 av 9 poeng, Kasper på andre med 8 og Roy André på tredje med 7.

Bergen Romjulslyn 2018
Sigve spelte seg til tredjeplass i gr. A i lynsjakk i Bergens torsdag 27. desember. Resultatliste.

Lynsjakk onsdag 19. desember
Sidan det er NM i lyn- og hurtigsjakk i Bergen 4.-6. januar 2019, hadde me ei ny lynsjakktrening onsdag kveld.
16 spelarar stilte til start, det vart spelt 7 rundar - med tidshandicap for dei spelarane med rating som møtte motstandar utan rating. Dei eldste måtte sjå seg slått denne gongen, Kasper sigra med 6 av 7 poeng. Roy André og Shjalg Ole spelte seg begge til 6 poeng, men kom bak på kvalitet. Odd Helge, Odd, Jonathan og Abed med 4 poeng.
 

Lynsjakk torsdag 13. desember
Sidan det er NM i lyn- og hurtigsjakk i Bergen 4.-6. januar 2019, hadde me lynsjakkturnering 5 dagar etter sesongavslutning for jubileumsåret 2018.
17 spelarar stilte til start, det vart spelt 6 rundar - med tidshandicap for dei spelarane med rating som møtte motstandar utan rating. Odd Helge sigra med perfekt score, 6 av 6 poeng. Sigeren hang i ein tynn tråd tidleg i turneringa, tilleggstida på 2 sekund pr trekk redda han mot Madelein. Shjalg Ole på andreplass etter at han gjekk ned for eit kongeangrep mot vinnaren i femte runde. Markus på tredjeplass med 4 poeng (Sondre, Kasper og Jonathan 4 poeng).

Masfjorden Jubileums-BGP 3 lørdag 8. desember
Me kombinerte den tredje jubileumsturneringa for barn og unge med kurs- og juleavslutning i klubben. 32 spelarar fordelt på 5 aldersgrupper og begynnerklasse stilte til start, dei fleste frå Masfjorden SKU. Etter tredje runde var det gratis graut til alle spelarane! Før sjette og siste runde delte me ut pokalar for lynsjakkturneringa i klubben i haust, dei tre beste i kvar klasse: A: 1) Roy André 2) Shjalg Ole 3) Heine. B 1) Monir 2) Amalie 3) Madelein. C 1) Emil L.F. 2) Anders 3) Jonathan E.L. Alle fekk i tillegg premie (sjokolade, pepperkaker, sjakklitteratur) på loddtrekning + sjakkhefte (Bompi). Klassevinnarane:
Ungdom: Roy André B. Bogevåg, Kadett: Shjalg Ole Næss, Lilleputt: Kasper Larsen, Miniputt: Jonathan Gravdal, Mikroputt: Mateja Krbacevic, Bergens SKU og Begynner: Jonathan E. Larsen.
Resultatlister
.

VM for seniorar 18.-29. november
Helge representerer Masfjorden og Norge i VM for seniorar i Maribor i Slovenia, han er ein av 17 nordmenn som deltar i meisterskapet. Helge (2109) fekk ein pangstart på VM med 3 av 3 poeng, han sigra mot ein IM og ein FM. Etter ellevte og siste parti vart det 6 poeng og ein liten ratingframgang. Resultatlister.

Bergen Grand Prix 23.-25. november
Det vart spelt 5 runder langsjakk for barn, unge og vaksne på Nordnes bydelshus denne helga. Roy André (C) og Shjalg Ole (B) var med frå Masfjorden. I første runde spelte Roy André eit godt parti, men måtte til slutt sjå seg slått. Etter siger mot to høgare rata i andre og femte parti, plussa han på nesten 50 poeng på ratinga. Shjalg Ole (1538) sigra mot ein spelar med rating (1703), desverre vart det tap mot lågare rata spelarar i andre og tredje parti og remis i dei to siste.  Resultatlister.

Shjalg Ole (1538): 1- 0 - 0 -0.5 -0.5 = 2 av 5 poeng

Roy André (1155): 0 - 1 - 0 - 1 - 1 = 3 av 5 poeng

Masfjorden sjakklubb i London
Trude var mandag 19. november på VM i London saman med fleire av dei ho spelte på lag med og konkurrerte mot tidleg på 80-talet. Sjakkgensaren som ho har designa og strikka vart lagt merke til, du kan sjå og høyra intervjuet på NRK omlag 1.07.30 ut i sendinga: VM-parti 8.

NM i hurtigsjakk for seniorar Lillehammer 10.-11. nov
Odd reiste til Lillehammer og deltar i klasse 65+ i NM i hurtigsjakk. Odd er nok ikkje nøgd med første dag av NM med 2 av 5 poeng, til slutt vart det 4.5 av 9 poeng.  Resultatlister.

NM for Ungdom Haugesund 9.-11. november
Masfjorden SKU reiste til NM med 10 spelarar: Shjalg Ole (B), Heine (B), Sondre (B), Kasper (D), Kristoffer (E), Kristin (G), Madelein (G), Monir (G), Aya (F) og Abed (D). Første runde (hurtigsjakk) starta fredag 16.30. Gruppe B spelte to runder hurtigsjakk og ein runde langsjakk fredag, gruppe D, E, F og G spelte fire runder hurtigsjakk fredag. NM er hakket tøffare enn BGP-turneringar, det var ikkje lett å ta poeng for dei mange av våre som spelte sitt første NM. Jentene fekk analysera sine parti med ei av dei beste damene i Norge - Edit Machlik, og nye vennskap vart knytta (sjå bilete). Shjalg Ole gjorde det best av masfjordingane med 4 av 7 poeng, han møtte høgare rata spelarar i seks av partia og ser ut til å passera 1600 i rating for første gong.  Resultatlister.

NM i hurtigsjakk for seniorar Lillehammer 10.-11. november
Odd reiste til Lillehammer og deltar i klasse 65+ i NM i hurtigsjakk. Odd er nok ikkje nøgd med første dag av NM med 2 av 5 poeng, til slutt vart det 4.5 av 9 poeng.  Resultatlister.

Masfjorden Jubileums-BGP 2 lørdag 3. nov
Turnering for barn og unge på Sandnes skule (Masfjordnes). Me er i ferd med å avslutta jubileumsåret og spanderte startavgift og risengrynsgraut på alle spelarane! Heile 35 spelarar stilte til start i seks ulike klasser, trettito -32- frå Masfjorden sjakklubb. I begynnerklassen var det med 14 unge lovande! Klassevinnarane: Begynner: Jonathan, Masfjorden - Mikroputt: Monir, Masfjorden - Miniputt: Ammar, Masfjorden - Lilleputt: Lavran, Hordvik - Kadett: Sander, Sotra og Ungdom: Kjetil, Masfjorden. Resultatlister
.

Bergen Onsdagshurtigsjakk 31. oktober
Sigve 
spelte seg til andreplass i gr. A i hurtigsjakk onsdag kveld. Resultatliste.

Sørås Superlørdag
Lørdag 27. oktober var det hurtigsjakkturnering på Sørås, 46 spelarar stilte til start i 3 grupper. Arn-Tore og Shjalg Ole spelte i gr. A, Arn-Tore med ein fin femteplass med 3 av 5 poeng, Shjalg Ole sikra seg ein sjokolade på loddtrekning og ein for å feira 15-årsdagen på sjakkturnering. Heine, Sondre og Gabriela spelte i gr. B, Heine spelte seg til fjerdeplass og pengepremie med 3.5 av 5 poeng. Sondre med same poengsum, men lågare kvalitetspoeng og sjetteplass. Kristin og Alise spelte i gr. C. Gabriela, Kristin og Alise deltek i tillegg på regionssamlinga (treningsleir). Resultatlister.
 

Bronstein Cup søndag 21. oktober
Sotra sjakklubb arrangerte den tradisjonelle årlige minneturneringa Bronstein Cup. Sigve spelte seg til 4 av 6 poeng og andreplass i kl. 1 (sjuandeplass i gr. A). Shjalg Ole spelte seg til 4.5 av 6 poeng og ein flott andreplass i kl. 3 og i gr. B. Resultatlister.


Seniorturnering i
Tyskland 27. sept.-5. okt.
Odd reiste til Büsum nord i Tyskland for å spela 9 runder langsjakk. I dei to første rundane vart det ein siger og eit tap mot spelarar over (2000). Etter sju parti hadde Odd 3.5 poeng, etter å ha møtt høgare rata motstand i alle. Etter fire strake parti med poengfangst, vart det tap mot ein 1900-spelar. I niande og siste vart det remis, og opp omlag 40 ratingpoeng i denne turneringa + premie i ratingklassen. Resultater.
Odd (1658): 1 - 0 - 0 - 0.5 -1 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0.5 = 4 poeng

KM-tittel til Shjalg Ole
Sotra SKU arrangerte KM for barn og unge på Liljevatnet skule søndag 30. september. Det var 11 påmeldte av 74 frå Masfjorden SKU, i 7 ulike årsklassar. Shjalg Ole (1561) spelte i gr. B (slått saman med A og C, premiert kvar for seg), og spelte seg til 4 av 6 poeng og KM-tittel etter m.a. siger mot Ariza (1596) og remis mot Afras (2090). Kasper spelte seg til tredjeplass i gr. D med 3 av 6 poeng. Resultatlister.

Masfjorden Jubileums-BGP/UGP 1 lørdag 22. september
Masfjorden SKU arrangerte BGP/UGP-turnering, 31 barn og unge fann vegen til gymsalen på Sandnes skule. Arrangøren varta opp med gratis graut etter tredje runde. Vinnarane i dei 6 klassane; Ungdom: Thomas Sekkingstad, Sotra. Kadett: Shjalg Ole Næss, Masfjorden. Lilleputt: Kasper Larsen, Masfjorden. Miniputt: Jonas Kleppe Borlaug, Sotra. Mikroputt: Oline Sundby Waage, Sotra. Begynner: Jonathan Gravdal, Masfjorden (Modalen). Resultatlister.

Hønefoss SK 100 år - Jubileumsturnering 2018 GP 14.-16. sept.
Lisbeth spelte i Hønefoss si jubileumsturnering denne helga. Lisbeth. Resultatliste.

Bergen Hurtig-NGP 15. sept.
Sondre (gr. B) spelte hurtigsjakk i klubblokala til Bergens lørdag 15. sept.. Han var ikkje heilt nøgd med 1.5 av 6 poeng, etter å ha fått opp fleire lovande stillingar som etter nokre feilvurderingar endte med tap. Sondre. Resultatlister.

Sørås superonsdag
5. sept.
Roy André spelte i gr. B i hurtigsjakk på Søråshøgda skole onsdag kveld. Han starta godt med 1.5 av 2 poeng, til slutt vart det 2.5 av 5 poeng. Roy André. Resultatlister.

Sotra langsjakk-BGP 31.8-2.9.
Shjalg Ole (1561) tok turen til Sotra for å spela turnering denne helga. Han spelte i gr. A og det vart siger mot sotraspelaren Thomas Sekkingstad (1616) i første runde. Remis og tap på lørdag, remis i begge søndag og med det 2.5 av 5 poeng og tredjeplass. Shjalg Ole. Resultatlister.

Kulturprisen 2018
Masfjorden sjakklubb fekk 11. august sin andre kulturpris i Masfjorden kommune. Odd fekk den første i 1997, denne gongen fekk Odd Helge prisen for arbeidet som leiar (arrangement, heimesider mm), trenar og reiseleiar frå Alta i nord til London i sør. Odd Helge starta som spelar i klubben i 1978, etter utdanning på Austrheim (der han starta og leia sjakklubb i 2 år) og på austlandet vart han trenar/reiseleiar i 1986 og leiar i klubben sidan tidleg på 2000-talet.
(mammo fekk blomane, utan pappen og ho tviler me på at det hadde vore sjakklubb i Masfjorden dei siste førti åra - historikk 1978-2011).

Bergensjakk

Strilen.no (abo)  Masfjorden kommune

 
Her er svara Odd Helge gav til Strilen (alt dette kom ikkje med på nett/papir):
Eg starta som spelar i klubben då den vart stifta i 1978 (av Odd Birkestrand - leiar og trenar, Magnhild Vik - kasserar og Magne Haugsvær - styremedlem). Dei første åra vart det mange turar langs vestlandskysten på reise til turneringar med mammo som sjåfør. Så bar det ut i verda for å ta utdanning; først tre år på Austrheim vgs, der eg starta og leia sjakklubb i to år. Etter at utdanninga var ferdig i 1986, fekk eg jobb på Sandnes skule og vart engasjert som trenar i klubben - litt fordi me då kunne gje tilbod om sjakktrening til fleire enn dei pappen klarte aleina.
Noko av det kjekkaste med å læra andre å spela sjakk er å sjå kor glade dei blir når dei lærer seg ulike teknikkar for å vinna sjakkparti. Det handlar og om å få lov til å læra andre ein hobby som dei kan ha glede av resten av livet. Og ikkje minst at sjakk er veldig inkluderande; sjakk ser ikkje forskjell på alder og kjønn, om du er blind eller sit i rullestol (les nederst på sida "Sjakk er fantastisk": http://www.masfjordensku.com/80774384
Høgdepunkt er det fleire av; i ein periode var det omlag 100 medlemmar i klubben, me har arrangert fleire NM med stor suksess for klubben sosialt, økonomisk og sjakkleg. Og det har sjølvsagt vore kjekt å få vera med på å trena barn og unge som har blitt krinsmeistrar og ikkje minst noregsmeistrar for skulelag og jenter, les meir: http://www.masfjordensku.com/80774383
Det var veldig kjekt å få kulturprisen og alle gratulasjonane etterpå. Sjakkmiljøet er tufta på dugnad og eldsjeler, og å få anerkjenning for mange tusen timar med treningar, styremøte, arrangement av turneringar, sjakkleir, heimesider, facebooksider, og reiser som trenar/reiseleiar frå Alta i nord til London i sør gjer meg glad og litt stolt av det me har fått til i Masfjorden. At me i dag har medlemmar frå fem kommunar (Lindås, Modalen, Vaksdal, Gulen og Masfjorden), fortel vel og noko om at engasjementet vårt har nådd utanfor kommunegrensene (i "vaksenavdelinga" har me i tillegg medlemmar på Austrheim og Askøy, i Bergen, Fusa, Oslo og Trondheim).
Eit par høgdepunkt til: eg har fått mange gode venner i sjakkmiljøet og har dei siste åra treft igjen spelarar frå den tida eg starta å spela - både på turneringar i Norge og utanlands. Lillesøstra mi begynta tidleg å vinna over meg i sjakk (eg vart litt sur i starten), men veldig kjekt når ho vart den første vinnaren av NM for jenter og seinare spelte remis mot Susan Polgar i EM i Jugoslavia!
Og så er eg heilt sikker på at sjakk er ein god måte å læra å konsentrera seg på, du lærer fort at det å tapa er ein del av livet og dei fleste får eit sunt forhold til det. Det er fleire studier som viser at mange barn og unge har nytte av det dei lærer i sjakklubben i skulearbeidet.

NM i cafésjakk 3. august
Sigve, Torkel og Odd spelte i gr. A i NM i cafésjakk, og tidlegare medlem Magnus i gr. B. Magnus imponerte med 5 av 6 poeng og tredjeplass. Sigve vart best av våre i gr. A med 4 av 6 poeng og åttandeplass. Resultatlister.

Åpent Hordalandsmesterskap i hurtigsjakk 31. juli
Roy André (gr. B) var einaste masfjordspelar i denne turneringa. Roy André spelte seg til 3.5 av 6 poeng. Resultatlister.
 
Mandag vart det arrangert lynsjakk i Bergen. Sigve, Kjetil og Odd (gr. A) og Roy André (gr. B) var med frå Masfjorden. Sigve med 8 av 12 poeng og sjetteplass vart best av våre spelarar. Resultatlister.
 
Det vart denne helga spelt 5 runder langsjakk i Bergen, arrangert av Sotra SK/Bergen spillfestival. Resultatlister.
 
VM for seniorlag i Dresden 7.-15. juli
Odd (Norway 2) og Helge (Norway 1) spelte på kvar sitt lag i gr. 65+ (Norge hadde óg med eit lag i "juniorklassen" 50+). Siger til første- og tap på andrelaget i første runde, begge laga sigra i andre runde. Tap på første- og uavgjort på andrelaget i tredje, siger på begge lag i fjerde, uavgjort og tap i femte. Uavgjort på begge lag i sjette og tap på begge i sjuande, siger for første- og tap for andrelaget i åttande. Siger til begge lag i niande og siste runde, førstelaget kom på 9. plass og andrelaget på 37., begge lag plasserte seg høgare enn rangert (15 og 53). Resultatliste. Resultater.
 
Odd    (1644):  0 - 0.5 - 0 -  1  - 0.5 - 0.5 -  0  - 0.5 - 0.5 = 3.5 av 9 poeng ( 8 av 18 lagpoeng)
Helge (2089):  1 - 0.5 - 0 - 0.5 -  1  -   1  - 0.5 - 0.5 -  1  =   6  av 9 poeng (12 av 18 lagpoeng)
 
Landsturnering i Sarpsborg 7.-14. juli
Yngve (gr. 1), Arn-Tore (gr. Mester)  og Gabriela (gr. Miniputt) var med frå Masfjorden. Det vart tap på alle tre i første runde, poeng på dei to yngste i andre. I fjor starta Arn-Tore med fire strake sigrar, i år var starten litt tyngre med fire tap. Alle tre tok poeng i dobbelrunden og tre heilpoeng onsdag. To av tre poeng i sjuande, remis på Gabriela i åttande. Yngve med heilpoeng i niande og siste runde lørdag. Resultatlister.
 
Arn-Tore (1980): 0 -  0   -  0   -  0   - 1 - 1 - 1 -   0  - 0 =   3  av 9 poeng
Yngve      (1872): 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 1 - 0 -   0  - 1 = 4.5 av 9 poeng
Gabriela  (1181): 0 -  1   -  0   -  1   - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 0 = 4.5 av 9 poeng
 
Åpent Hordalandsmesterskap 8.-10. juni
Sigve (2011) og Kjetil (1763) spelte i gruppe A i det Åpne Hordalandsmesterskapet, første og andre runde (hurtigsjakk) fredag kl. 18.30 og 20.00. Dei fire neste rundane -lørdag og søndag- blir spelt som langsjakk. Kjetil med ein sensasjonell siger i første runde mot FM Joachim Solberg (2265), i fjerde runde slo han til med ein ny overraskande siger - denne gong mot Sigve. Sigve med siger i dei to siste og til slutt andreplass med 4.5 poeng. Kjetil avslutta med siger, ein pen ratingframgang og prestasjon på (1988). Resultatlister
.
 
Sigve:  1 - 1 - 0.5 - 0 - 1 - 1 = 4.5 av 6 poeng - 2. plass.
Kjetil: 1 - 0  -  1  -  1 - 0 - 1 = 4 av 6 poeng   - 4. plass.
 
Sommaravslutning med Masfjorden BGP
Me avslutta til sommaren med BGP-turnering, mat, pokalar og andre premiar på Sandnes skule lørdag 9. juni.
Første runde starta 10.30. Mellom nokre av rundane vart det delt ut lynsjakkpremiar for Nordbygda og Sandnes i vår og etter tredje runde var det gratis pizza og hot-dog til alle spelarane og sjåførar.
Vinnarane: Roy André B. Bogevåg (Ungdom), Shjalg Ole Næss (Kadett), Abed A. K. Alshebli (Lilleputt), Gabriela L. Haugsdal (Miniputt), Magnus L. Hagen, Sotra (Mikroputt) og Monir K. Alshebli (Begynner). Resultatlister.

NM for klubblag 10.-13. mai
NM for klubblag vart i år arrangert på Sandsli i Bergen (av Bergens/Søråshøgda) og starta torsdag kl. 18.00. Masfjorden hadde med to lag, eit i gr. A (Sigve (2008), Helge (2087), Arn-Tore (1987), Anton (-) og Odd (1689)) og eit i gr. B (Odd Helge (1639), Shjalg Ole (1585), Roy André (1209), Sondre og Kasper). Masfjorden 1 starta med 4 - 0 siger, andrelaget måtte sjå seg slått 1.5 - 2.5 mot Folgefonn. Andre runde endte med to tap, 0 - 4 og 1 - 3. Førstelaget med sitt andre tap i tredje, andrelaget med sin første siger. 2 - 2  på første- og 1 - 3 tap på andrelaget i fjerde. I femte runde tapte begge laga 1 - 3. Sjette og siste starta søndag 13.30, andrelaget sigra 2.5 - 1.5 og Shjalg Ole var best av våre med 4 av 6 poeng. Førstelaget spelte 2 - 2 og begge lag havna litt bak rangering.  Resultatlister. 

USF sin medalje i gull
Odd fekk før siste runde i NM for klubblag tildelt USF sin medalje i gull (æresmedlem i USF) av leiar Johannes L. Kvisla (bilete). USF takka for det 40 år lange frivillige arbeidet med sjakk for barn og unge med vekt på å få fleire jenter med i sjakkmiljøet. Han nemnde og at Odd har vore trenar for to barneskulelag som sigra i NM, og fleire sigrar i NM for jenter. Les meir om NM-titlar her.
Tidlegare har Odd fått kulturprisen for m.a. sitt frivillige arbeid med fotball og sjakk for barn og unge i Masfjorden. Han har og fått tildelt kongen sin medalje i sølv for arbeidet på skulen og det same frivillige arbeidet i Masfjorden. Og Odd vart sjølvsagt det første æresmedlemmet i Masfjorden SKU - utnemnd i 2003 (25 års-jubileum). Historikk 1978-2011.

Super-BGP søndag 13.mai Roy André (Ungdom), Kristin og Emil (begge begynner) speler BGP på søndag. I andre runde fekk Emil spela på verdensmesterbrettet og matta motstanderen med 3 dronningar. Roy André spelte seg til 4.5 av 6 poeng og førsteplass i gruppa si, Kristin fekk 14 poeng og ein flott 6. plass, og Emil 11 poeng av 18 poeng. Resultatlister.

Super-BGP lørdag 12. mai
Ådne spelte i begynnerklassen, i andre runde fekk han spela på eit brett som er signert av 5 verdensmestrar (m.a. Magnus Carlsen, Anand og Kasparov). Til slutt vart det 4.5 av 7 poeng og pokal for førsteplass i den eldste begynnargruppa. Nikolai spelte seg til 2 poeng i lilleputt. Resultatlister. 

Lynsjakk fredag 11. mai
Shjalg Ole (1519) og Roy André (1414) spelte 11 runder lynsjakk fredag formiddag. Shjalg Ole spelte seg til pengepremie for sjetteplass i gr. B. Resultatlister.
Shjalg Ole  (1519): 1 - 1 - 1 - 1 - 0 - 0 - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 0 = 6.5 av 11 poeng.

Roy André (1414): 0 - 1 - 0 - 1 - 1 -0.5- 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 =  6  av 11 poeng.

Bergen kursavslutnings-BGP 14. april.
Roy André tok 2 av 6 poeng i klasse ungdom (spelte saman med kadett), Shjalg Ole med 3 poeng i kadett og Kasper spelte seg til 3 poeng i lilleputt. NB! Søskentrioen Afras, Ariza og Areeb sigra i kvar sin klasse. Roy André. Shjalg Ole. Kasper. Resultatlister.

Sotra Vår-BGP 8. april
Roy André (Ungdom) og Shjalg Ole (Kadett) reiste til Sotra. Sjølv om det ikkje vart så veldig mange poeng denne gongen, reiste begge heim med pokal for tredjeplass i kvar sin klasse. Resultatlister.

Ålesund Grand Prix 6.-8. april
Yngve tok turen til Ålesund, fredag var det to runder hurtigsjakk, siger i første og tap i andre. Lørdag og søndag var det to runder langsjakk. Lørdag sigra Yngve (1866) i tredje og remis mot (2121) i fjerde, søndag vart det tap i femte og siger i sjette. Yngve. Resultatliste.

Sørås superonsdag onsdag 4. april.
Roy André spelte seg til 3 av 5 poeng i gr. B. Shjalg Ole spelte i gr. A (han passerte 1500 i hurtigsjakkrating etter forrige turnering), mot god motstand vart det 0.5 av 4 poeng.  Resultatlister.

Årsmøte i Masfjorden SKU og SK torsdag 22. mars.
Det vart avvikla årsmøte i begge klubbane 22.3.18 + konstituering av styret i styremøter. Odd Helge og Odd vart vald til leiar i kvar sin klubb, Erik (SKU) og Arn-Tore (SK) held fram som kasserar. Referat finn du via lenka "Medlemmer".

KM for skulelag 17.3.18
Sandnes skule stilte med tre lag med medlemmer frå Masfjorden SKU. Eit ungdomsskulelag - sidan dei var det einaste laget i eldste klasse, spelte dei saman med barneskulelaga - dei måtte sjå seg slått av 3 lag. Shjalg Ole spelte seg til 5.5 poeng, utan tap! Lagsiger i 5 av 7 kampar.

På dei to barneskulelaga var det mange ferske sjakkspelarar og to som spelte si første turnering. Jonathan imponerte med 5 av 7 poeng! Begge laga sigra i 3 av 7 lagkampar.
Sandnes U-skule. Sandnes B-skule. Sandnes B-skule ny. Resultatliste.

Åpent Rogalandsmesterskap 9.-11. mars
Odd Helge (1679) reiste til Haugesund for å spela i gr. A i turneringa som hadde 74 deltakarar fordelt på 3 grupper. Det vart tap i første runde mot det 11 år gamle stortalentet Shazil Shehzad (1912). Det einaste heilpoenget kom i andre runde, det vart med det 1 av 5 poeng og ein pen ratingnedgang. Odd Helge. Resultatlister.

Sørås superonsdag 7.3.18
Sigve (A), Roy André (B) og Shjalg Ole (B) tok turen til Sørås for å kjempa om poeng og premier. Alle tre sigra i første runde. Bilete av Roy André etter ein litt heldig siger i andre runde. Alle tre spelte seg til 3 av 5 poeng, ingen av dei lurte seg inn på premieplass. Resultatlister.

Schachfestival Bad Wörishofen 23.2.-3.3.18
Odd (1699) og Helge (2125) reiste til Tyskland og spelte i seniorklassen på sjakkfestivalen i Bad Wörishofen. Etter tap i dei to første partia fekk Odd meir fart på brikkene og spelte seg til 3.5 poeng dei neste sju rundane. Helge avslutta med remis og med det 6 poeng, tapet i første runde gjorde nok sitt til at han havna bak m.a. to nordmenn på same poengsum. Resultatliste.
Odd:    0 - 0 - 0.5 - 1 - 0 -  0.5 - 1 - 0.5 - 0 = 3.5 av 9 poeng
Helge: 0 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 1 -  0.5 - 1 - 0.5 = 6 av 9 poeng

Masfjorden Jubileums Grand Prix 2018
Masfjorden sjakklubb har i år 40-årsjubileum, me starta feiringa med jubileumsturneringar 16.-18. februar; Masfjorden Jubileums Grand Prix, Hurtigsjakk og Lynsjakk.

51 spelarar stilte til start for å spela fem runder i Masfjorden Jubileums Grand Prix 16.-18.2.18. Spelarane var fordelt på 3 grupper etter spelestyrke (rating). FM Johannes L. Kvisla, 1911 innfridde favorittstempelet og sigra i gr. A med 4 av 5 poeng. Aleksander Fossan, Stavanger på andre og Abyl Kizatbay, Stavanger på tredje - begge med 3.5 poeng. I gr. B forsynte dei unge talenta frå Sevland seg godt av premiepotten. Sander Fuglestein sigra med 4 av 5 poeng, Hallvard Haug Flatebø på andre og delte pengepremien med Eirik Aarnes, Stjernen - begge med 3.5 poeng. I gr C sigra fjorårsvinnar Scott Birnie, Sotra, med Heine N Johannessen, Haukås på andre og Olai D Eriksen, Bergens på tredje - alle med 4 av 5 poeng.

Resultatlister: Jubileums Grand Prix. Vår superfotograf Audun Hølleland har laga eit album: Jubileumsbilder.

To nye æresmedlemmer i Masfjorden SKU
Før siste runde i lynsjakken vart Arn-Tore Haugsdal og Odd Helge Birkestrand tildelt æresmedlemsskap for sitt frivillige arbeid med barn og unge i Masfjorden SKU. Odd Birkestrand fekk eit gåvekort for arbeidet han har lagt ned for sjakklubben i 40 år!

Jubileumslyn 17.2.18
40 spelarar + GM Jon Ludvig Hammer (spelte mot to i kvar runde med diverse tidshandicap) stilte til start i 10 runder lynsjakk (3min+2sek) lørdag kveld. Jon Ludvig sigra i 18 av 20 parti! Aleksander Fossan, Stavanger spelte seg til førstepremie, med Sander Fuglestein, Sevland på andre og Afras Mansoor, Søråshøgda på tredje. Beste masfjordspelar vart Sigve Hølleland på femteplass. Sigve var den einaste som sigra mot Aleksander - som til gjenjeld spurta sterkt, m.a. med siger mot Jon Ludvig. Resultatliste: Lynsjakk.

Jubileumshurtigsjakk 17.2.18
Til saman var det med 22 spelarar på hurtigsjakken og alle fekk spela klokkesimultan mot GM Jon Ludvig Hammer, 22 - 0 til regjerande norgesmester. Seks av dei som speler langsjakk fekk i tillegg med seg 3 runder hurtigsjakk (+ simultan).
Den ferske norgesmesteren Oline S. Waage, Sotra sigra med 5.5 av 6 poeng, Markus Lilletvedt, Masfjorden på andre og Victor L. N. Fauske, Søråshøgda på tredje - begge med 4 poeng. Resultatliste: Hurtigsjakk.

Sørås Superonsdag 7.2.18
Sigve, Kjetil, Odd og Roy André spelte hurtigsjakk på Søråshøgda skole. Sigve sigra med perfekt score i gr. A med 5 av 5 poeng. Kjetil spelte seg til andreplass i gr. A med 4 poeng, Roy Andre spelte seg til 3 poeng og sjetteplass i gr. B. Resultatlister. Sigve. Kjetil. Odd. Roy André.

Vestlandsserien 2017/18
Dei to siste seriekampane vart spelt 3. og 4. februar i Bergen (Ulsmåg skole). Det vart ikkje noko stor helg for laga våre, førstelaget tapte søndag 2 - 3 mot Bergens 3 og med det ser det ut til å bli nedrykk. Andrelaget tapte 1.5 - 2.5 mot Sotra 3. Lørdag tapte førstelaget 2 - 3 mot Bergens 2, og andrelaget tapte 0 - 4 mot Søråshøgda 2.
Masfjorden 2 (Odd Helge, Shjalg Ole, Roy André og Sondre) hadde bortekamp mot Florø lørdag 13. januar. Etter godt spel og fordel undervegs i fleire av partia, vart det tap 0.5 - 3.5. Odd Helge (1573) stod for halvpoenget med remis mot Bjarne Eriksen (1874). Siger 3.5 - 0.5 i heimekampen mot Sotra 4 søndag 14. januar (lag: Odd Helge 1/2, Shjalg Ole, Roy André, Heine). Masfjorden 1 hadde bortekamp og tapte 0 - 5 mot Sotra 1 søndag 14. januar. Resultatlister.

Dei siste norske ratingtala
NSF har kome med dei siste offisielle norske ratingtala. Masfjorden SK. Frå 1. januar 2018 går Norge over til den internasjonale FIDE-ratinga.
 

Sørås Superonsdag 3.1.18
Sigve (1832) og Odd (1709) spelte i gr. A, Roy André (1199) spelte i gr. B. Etter fem runder hurtigsjakk (10 min + 5 sek), vart det tredjeplass og pengepremie på Sigve og fjerdeplass til
Roy André. Resultatlister.

2017

Masfjorden kursavslutnings-BGP lørdag 9. desember.
Turneringa hadde til saman 25 spelarar fordelt på 6 klassar (ungdom, kadett, lilleputt, miniputt og mikroputt spelte i ei gruppe, premiert i fem). Bilete av 8 av 10 i begynnerklassen. Roy André sigra i klasse Ungdom, Shjalg Ole i Kadett og så tre brødre Johannessen frå Haukås - Theo i Lilleputt, Heine i Miniputt og Even i Mikroputt. Ben George sigra i Begynnerklassen. Lenke til resultatlister her.
Masfjorden SKU kombinerte turneringa med jule- og kursavslutning og med gratis graut, pepperkaker og saft til alle spelarane.

BGP-sida.   BGP samanlagt. Roy André sigra samanlagt i  Klasse ungdom.

Sørås superonsdag 6.12.17
Odd (A) og Roy André (B) spelte 5 runder hurtigsjakk på Søråshøgda skule onsdag kveld. Resultatlister.

Vestlandsserien 2017/18
Masfjorden 2 (Odd Helge, Shjalg Ole, Roy André og Heine) tapte 1 - 3 mot Søråshøgda 1 i Bergen lørdag 2. des., eldstemann stod for heilpoenget. Resultatlister

Bergen kursavslutnings-BGP lørdag 25. november
Shjalg Ole (Kadett) og Roy André var med frå Masfjorden. Resultatlister.

Bergen Grand Prix 17.-19.11.17
Sigve (A), Shjalg Ole (C) og Roy André (C) var med frå Masfjorden sjakklubb. Det var to parti lørdag og to søndag. Alle tre stod over første runde fredag. Shjalg Ole starta godt med siger i begge partia lørdag. I fjerde runde søndag oversåg Roy André matt i eit trekk, og Shjalg Ole gjekk på ei binding i midtspelet. Roy André fekk ein etterlengta og fortent siger i siste runde, siger i siste runde sikra Shjalg Ole femteplass og pengepremie. Resultatlister.

Sigve (2067):     0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0 =   2  av 5 poeng
Shjalg Ole (1583): 0.5 - 1  - 1 - 0 - 1 = 3.5 av 5 poeng
Roy André (691):  0.5 - 0 - 0 - 0 - 1 = 1.5 av 5 poeng
 

VM for seniorar 7.-18. november
Odd (open +65) reiste til Italia saman med 15 andre nordmenn for å spela VM for seniorar (open +50 og open +65) over 11 runder. Odd starta med siger mot ein spanjol (2054), møtte spelarar med over 2000 i rating i dei fire første rundane og vidare høgare rata i alle rundane. Det vart til saman 4.5 poeng og prestasjonen vart omlag 200 poeng over eiga rating. Johannes Melkevik (1857) frå Sevland spelte i det som på seniornivå er "ungdomsklassen" (+50), han spelte seg til 5 poeng og ein prestasjon på mesternivå (2000+).  Resultatliste.

Odd (1645): 1 - 0 - 0.5 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 = 4.5 av 11 (1859)

NM for Ungdom 10.-12. november.
Sigve (A), Roy André (A) og Gabriela (F) reiste til Kristiansand for å kjempa om poeng i NM. I klasse A speler dei 6 runder, 7 i F. Det vart ein tung start for dei håpefulle frå Masfjorden, alle tre tapte dei to første partia. For Roy André var dette ei tøff turnering i eldste klasse, uansett har han lært meir sjakk desse dagane enn i nokon annan turnering han har spelt.  Resultatlister.

Sigve (2067):         0 - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 1 = 3.5 av 6 poeng
Roy André (706): 0 - 0 - 0 - 0 - 0 - 0  = 0 av 6 poeng
Gabriela (581):     0 - 0 - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 0 = 2.5 av 7 poeng

Sørås superonsdag   1.11.17
Odd Helge (A) og Roy André (B) spelte 5 runder hurtigsjakk på Søråshøgda skule onsdag kveld. Roy André klinka til med 3.5 poeng, tredjeplass og pengepremie i gruppe B! IM Kjetil Stokke sigra med perfekt score 5 av 5 poeng i gruppe A. Resultatlister.

KM for Ungdom 29.10.17
Roy André (gr. A) og Gabriela (gr. F) spelte KM på Liljevatnet skule på Sotra. Roy André vart kretsmeister i gr. A (slått saman med B og C) med 3.5 av 6 poeng. Gabriela spelte i gr. F.
Resultatlister .

Knut Brokstad minneturnering   27.-29.10.17
Yngve spelte turnering
i Trondheim denne helga.
I dei tre rundane hurtigsjakk fredag kveld vart poengfangsten litt lågare enn forventa. Det var to runder langsjakk lørdag (siger i begge), tap i første og siger i andre søndag, alt i alt eit resultat omlag som forventa. Resultatliste.
Yngve (1860): 0.5 - 1 - 0 - 1 - 1 - 0 - 1 = 4.5 av7 poeng


Bronstein Cup   28.10.17
Desverre ingen med frå Masfjorden SK. IM Eirik Gullaksen sigra på kvalitet med 5.5 av 6 poeng, GM Leif E. Johannessen på andre og FM Benjamin Haldorsen på tredje. Resultatliste.

Søråshøgda superonsdag-BGP 25.10.17
Roy André tok turen til Bergen for å spela BGP-turnering. Han spelte i klasse ungdom (slått saman med kadett og lilleputt) og sigra (fjerdeplass i gruppa) med 5 av 8 poeng. ResultatlisteRoy André.

NM for klubblag 20.-22.10.17
Masfjorden var favoritt på alle bord og sigra 4 - 0 i første av seks runder mot Aalesunds BondeH2. Tap i andre runde mot Aalesunds Favoritt, 2 - 2 mot nytt Aalesundlag i tredje. Siger 4 - 0 i fjerde mot Sandnes lilleputt. Tap mot Levanger 1 i femte runde. Den tredje 4 - 0 sigeren kom i sjette runde og Sigve
spelte seg til førstebordpremie! Det vart til slutt 7 av 12 lagpoeng og 16.5 av 24 individuelle poeng (det var kun dei 3 elitelaga frå Oslo som hadde fleire individuelle). Resultatliste. Masfjorden SK.

Sigve
(2040):           1 - 0.5 - 1 -  1 - 1 - 1 = 5.5 av 6 poeng
Arn-Tore
(2028):     1 -  x   - 1 - 1 - 0 - x =   3 av 4 poeng
Yngve
(1860):         1 -  1  -  x  - 1 - 0 - 1 =   4 av 5 poeng
Odd Helge
(1688):   x - 0  -  0  - 1 - x - 1 =   2 av 4 poeng
Lisbeth
(1692):        1 - 0  -  0  - x - 0 -  1 =  2 av 5 poeng

Sjakkurs for barn i Nordbygda og på Sandnes
Masfjorden SKU har starta kurs for barn i 2.-7. klasse. Kursa er for dei som ikkje kan reglane eller har lært litt, men ikkje gått i klubb eller på kurs før.
Nordbygda 8 tirsdagar frå og med 3. oktober kl. 14.30-15.30.
Sandnes 8 torsdagar frå og med 5. oktober kl. 18.00-19.00.
Kurset kostar kr 400,-. For dette får barna:
-vaksne og unge instruktørar (alltid minimum ein vaksen)
-kursmateriell og diplomar
-medlem i Masfjorden SKU ut 2017 (medlemsblad frå USF og kan spela turnering). Kursavgift skal betalast (seinast 6. oktober) til:
Masfjorden SKU, kontonr.: 3635 50 17782 eller Vipps # 128860

Pula Open 9.-16.9.17
Odd Helge reiste til Kroatia og eit stopp i Pula for å spela turnering. I første runde spelte han remis mot ein ung kroat (2063) . I andre runde vart det tap mot ein kroatisk FM (2238), remis i tredje mot ein ny kroat (1906). Dobbelrunde tirsdag, tap i fjerde mot ei ung polsk jente (1894) og remis mot (1834) i femte. Tap i sjette runde mot russar (1726). Siger i sjuande mot (1265) og remis i åttande mot (1870). Siger i niande og siste parti lørdag mot (1732). IM Johan-Sebastian Christansen på andre- og FM Eivind Olav Risting på åttandeplass. Resultatliste. NOR.
Odd Helge (1665): 0.5 - 0 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 1 = 4 poeng (1774)

Stjernens jacpotlyn NGP 20.8.17
Sigve spelte to turneringar i Oslo denne helga, den andre lynsjakk i Stjernen sine lokaler. Etter ein god start med siger i dei fire første av 11 runder, auka han lynsjakkratingen med omlag 30 poeng. Sigve. Resultatliste.

Nordstrand GP hurtigsjakk 19.8.17
Den første turneringa spelte Sigve lørdag; hurtigsjakkturnering på Lambertseter gård i Oslo i gr. A. Sigve. Resultatlister.

Chech Tour 2017/18
Odd og Odd Helge reiste til Tsjekkia for å spela turneringar i Praha og Olomouc; Summer Prague Open og Olomouc Chess Summer (+ nokre sideturneringar; lyn- og hurtigsjakk).

Odd, Odd Helge og Julian reiste videre til Olomouc for 9 nye runder med langsjakk + nokre sideturneringar. Odd spelte i seniorklassen (D), Julian og Odd Helge i åpen klasse (C). I første runde gjekk alle tre på tap mot høgare rata motstand.  Odd snudde trenden i fjerde runde, Odd Helge gjekk ned så det sang. I femte runde klarte Odd Helge å spela seg til sitt første heilpoeng, remis på eldstemann. Det vart tap på begge håpefulle i sjette parti - Odd Helge måtte opp mot ein russisk IM. I sjuande runde spelte Odd Helge dagens lengste parti, i åttande runde hadde Odd w.o. I niande og siste parti sigra Odd Helge etter 15 trekk. Resultatliste senior (D). Resultatliste åpen (C).

Odd           (1717):  0 -  0 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 1 - 0 = 3.5 poeng
Odd Helge (1640): 0 - 0.5  - 0 - 0  -  1  - 0 - 0.5 -  0 - 1 =  3 poeng

 

Hurtigsjakk i Olomouc 17.8.17
Odd spelte seg til tre av sju poeng i den siste sideturneringa på sjakkferien i Tsjekkia. Julian plussa nye 32 poeng på hurtigsjakkontoen. Imponerande spel av unge underrata indiske jenter: ResultatlisteOdd.

Lynsjakk i Olomouc 15.8.17
Odd spelte seg til 5 av 11 poeng i lynsjakk tirsdag formiddag. ResultatlisteOdd.
 

Summer Prague Open 4.-11.8.17
Odd, Odd Helge og nokre nordmenn til (Julian, Egil, Johannes og Geir) spelte i Summer Prague Open B. Odd sigra i første runde mot ein lavare rangert spelar, Odd Helge spelte remis på førstebord mot den høgast rangerte (2075) i gruppa. Søndag var det dobbelrunde, Odd Helge slo til med 2 poeng. Femte runde vart ein knallrunde for gjengen frå Masfjorden og Sevland 5 av 5 poeng! (Odd og Geir spelte mot kvarandre). Sjette vart ein ny runde med suksess for nordmenna i Praha, ingen tap på 7 partier (Roar Lindblom speler i A-gruppa). I sjuande runde spelte ungdommane frå Masfjorden remis. Katastrofe i åttande runde, Odd gjekk ned mot ei ung dedikert jente og Odd Helge tapte etter å ha hatt offiser over i nesten 20 trekk. I niande og siste runde vart det tap på Odd og remis på Odd Helge (til slutt ein grei prestasjon og omlag 30 poeng framgang på yngstemann), Johannes og Egil avslutta godt og passerte masfjordspelarane på resultatlista i dei siste partia.

Odd (1717):             1  - 0.5 - 0.5 - 0 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0 = 4 poeng.
Odd Helge (1640): 0.5 -  0  - 1 - 1 - 1 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0.5 = 5 poeng (1755).
 

Lynsjakk i Praha 9.8.17
Odd, Julian og Egil tok med seg sideturneringane, onsdag var det 11 runder lynsjakk frå kl 10-13. Egil fekk god motstand og passerte 1800 i lynrating. Resultatliste.

Hurtigsjakk i Praha 5.8.17
Odd, Julian og Egil spelte hurtigsjakk. Egil (1758) spelte seg til 3 poeng, høgdepunktet var siger mot WCM Karolina Turkova (1979). Odd tapte dei fire partia med svart mot spelarar mellom (1936) og (2142). Resultatliste.
Odd (1786): 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0 = 3 av 7 poeng (1659)

NM i Cafésjakk   i Bergen 4.8 .
Arn-Tore 
og Torkel representerte Masfjorden. Arn-Tore spelte seg til tiandeplas. For første gang vart det ei kvinne som sigra - IM Irina Turova etter stikkamp mot mannen GM Maxim Turov. Resultatlister.
 

Åpent Hordalandsmesterskap i hurtigsjakk   1.8.
Sigve, Sondre og Roy André var med frå vår klubb + 60 andre ivrige sjakkspelarar. 
Sigve vart beste klasse 1 spelar med 4.5 av 6 poeng og tiandeplass, med kun mesterspelarar og ein klasse 2 spelar foran seg på resultatlista. GM Maxim Turov (RUS) sigra i si tredje turnering på rad i Bergen.
Resultatliste .
 

Åpent Hordalandsmesterskap i lynsjakk   31.7.
Arn-Tore (7 av 12), Roy André (5), Odd Helge (4.5), Torkel (6), Odd (6), Lisbeth (4.5) og Sigve (7) + 49 spelarar stilte til start for å kjempa om poeng og premiar i 6 ratingklasser. Etter 12 runder var Roy André den einaste av masfjordspelarane som reiste heim med premie for 5 poeng og 4. plass i klasse 5. GM Maxim Turov (RUS) sigra med 10.5 poeng. Resultatliste.

Sjakk1.no Bergen Sommer NGP   28.-30.7.
Lisbeth (1701) og Sigve (2026) spelte i gr A i den første NGP-turneringa i sesongen 2017/18. Begge med lågare score enn forventa. Resultatlister.

Sigve:      1 - 0 - 1 - 0 - 0.5 = 2.5 av 5 poeng (1881)
Lisbeth:  0 - 0 - 1 - 0 - 0.5 = 1.5 av 5 poeng (1627)

Landsturnering i Stavanger
30.6.-8.7.17
Arn-Tore (Klasse 1), Sigve (Mester), Yngve (Klasse 2), Gabriela (sjakkleir og Miniputt) og Shjalg (sjakkleir og Kadett B) kjempa om poeng i ni parti langsjakk saman med over 600 andre sjakkspelarar frå heile landet.
I tillegg vart det arrangert sidearrangement som m.a. uoffisielt NM i sjokk, pratelagsjakk, laglyn, kafésjakk og NM i lynsjakk. (bilete av Arn-Tore MGP 2017, foto Audun Hølleland)

Etter ein imponerande start, tapte Arn-Tore fire på rad, avslutta med siger og med det 5 av 9 poeng. Shjalg med 3.5 av 9 poeng, litt over forventa etter å ha møtt høgare rata motstand i åtte av rundane. Gabriela avslutta med to heilpoeng, ratingframgang og fekk 4.5 av 9 poeng. Sigve spelte seg til 5 av 9 poeng og ratingframgang og Yngve 5.5 av 9 poeng, omlag som forventa. Resultatlister

Arn-Tore :  1   -  1   -  1   -  1  - 0  -  0   -  0  - 0 -  1  =   5  poeng
Sigve:      0.5 -   0  - 0.5  -  0  -  1  -  0   -  1  - 1 -  1  =   5  poeng
Yngve:      
1  - 0.5 - 0.5 - 0.5 -  1  -  0  - 0.5 - 1 -0.5 = 5.5 poeng
Gabriela:  
0   -  0   -  0  -  1  - 0.5  - 1   -  0  - 1 -  1  = 4.5 poeng
Shjalg:      
1   -  0   -  0  -  1 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0 -  0  = 3.5 poeng

Du kan spela gjennom parti her:
Yngve: 2. runde. Gabriela: 1. runde. Sigve: 1. - 8. runde.
Arn-Tore: 1. - 8. runde.

Fredag 7. juli spelte fem frå klubben NM i lynsjakk (ingen til finale i sin klasse). Resultatlister.
 
Lisbeth spelte kafésjakk saman med heile 75 andre torsdag 6. juli, ho spelte seg til pene 4 av 7 poeng. Resultatliste.

Førsteplass i sjokk!
Sigve sigra saman med Martin Nilsen, Stavanger 2. juli i uoffisielt NM i sjokk! Resultatliste.

Sommeravslutning i Masfjorden SKU
Lørdag 10. juni kl. 10.30 - 15.00 var det felles avslutning for Nordbygda og Sandnes på Sandnes skule. På programmet stod 6 runder klubbturnering i hurtigsjakk, mat og premieutdeling for lyn- og hurtigsjakkturneringane.
Klubbturnering 10.6.17:
1. plass Shjalg 6 av 6 poeng, 2. Heine 5 poeng, 3. Sondre 4 poeng + Gabriela, Nikolai, Kasper, Andreas, Ann Regine og Ken Henrik.
Lyn Sandnes vår 2017:
1. plass Shjalg, 2. Roy André, 3. Heine + Andreas, Kasper, Nikolai, Markus, Kristoffer, Ann Regine og Ken Henrik.
Lyn Nordbygda vår 2017:
1. plass Shjalg, 2. Sondre, 3. Gabriela + Josefine, Tormod, Nathaniel, Steinar, Kim Daniel og Thorstein.

Åpent Hordalandsmesterskap NGP 25.-28. mai
Sigve spelte i gruppe A og tapte dei to første partia. Roy André og Shjalg spelte i gruppe C, begge hadde w.o. remis i første runde torsdag. Dei møtte kvarandre i andre runde fredag, Shjalg sigra. Alle tre sigra i tredje og fjerde runde. I femte sigra Roy André og 2 x remis. Shjalg avslutta med remis og med det ein solid ratingframgang og pengepremie for førsteplass i gr. C. Sigve spelte remis og Roy André tapte, solid ratingframgang og bokpremie til Roy André. Sigve. Shjalg. Roy André. Resultatlister.

Sjakk1.no Bergen Blitz 2017 NGP
27. mai
Sigve spelte seg til tredjeplass i lynsjakk lørdag kveld, det var med 38 andre ivrige sjakkspelarar i turneringa. Sigve. Resultatliste.

Søråshøgda Hurtig Grand Prix 25. mai
Nikolai og Kristoffer tok turen til Ulsmåg skole på Nesttun for å spela hurtigsjakk i åpen klasse torsdag 25. mai. Resultatliste

Søråshøgda BGP 13. mai
Søråshøgda arrangerte BGP/UGP-turnering for barn og unge lørdag 13. mai. Frå Masfjorden SKU var det 6 som tok turen til Bergen; Roy André, Shjalg, Kristoffer, Nikolai, Kasper og Andreas. Resultatlister.

NTG eye q GP 13. mai
Som tidlegare elevar ved sjakklinja på NTG i Bærum var Torkel og Sigve inviterte til hurtigsjakkturnering og feiring av GM Simen Agdestein sin 50-årsdag. Sigve spelte i gruppe A og Torkel i gruppe B. Resultatlister.

Masfjorden BGP/UGP lørdag 22. april
Turnering med 6 runder hurtigsjakk for barn og unge i gymsalen på Sandnes skule i Masfjorden. Kun 12 spelarar stilte til start denne gongen. I mikroputt sigra Leander Pettersen, Askøy, i miniputt Heine N. Johannessen, Haukås, i lilleputt Nikolai M. Dale, Masfjorden, i kadett Shjalg Ole Næss, Masfjorden og i ungdom Roy André B. Bogevåg, Masfjorden. Resultatlister .

Bergens SK Vårturnering 2017
Lisbeth (1424) spelte seg til 3.5 av 4 poeng, alle partia spelt mot høgare rata motstand. I det fjerde remis mot FM Per E. Manne (2067). Resultatlister. Lisbeth
 
Bergen kursavslutnings-BGP/UGP
Bergens arrangerte turnering for barn og unge på Nordnes Bydelshus lørdag 1. april. Det er plass til omlag 90 spelarar i lokala og alt måndag 27. mars var det over 90 påmeldte og med det ikkje plass til fleire. Resultatlister.

ChessOrg Festival Bad Wörishofen 10-18.03
Odd (1726) og Helge (2134) spelte i seniorklassen på sjakkfestivalen i Tyskland. I første runde tapte Odd mot ein høgare rata (2029) tyskar, Helge spelte remis. Resultatliste.

Odd:   0 - 0 - 1 -  0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 = 3.5 av 9
Helge: 0.5 - 0 - 1 - 1 - 1 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 = 5.5 av 9
 

Hordalandsmesterskapet for rekruttlag 2017
17.-19. mars var det lagturnering for ungdomsklubbar i Bergen, ingen lag frå Masfjorden. Resultatliste.

Søråshøgda Lyn BGP onsdag 15. mars.

 
Årsmøte i Masfjorden SKU
fredag 10. mars
Referat frå årsmøte og styremøte 10.3.17: Medlemmer.

KM for skulelag 
lørdag 11. mars
Desverre ingen lag frå Masfjorden i år. 27 lag stilte til start på Liljevatnet skole på Sotra. Søråshøgda sigra for femte år på rad etter hard kamp frå Haukås, begge med 11 lagpoeng. Resultatliste.

Masfjorden Grand Prix 17.-19.2.2017
48 barn, unge og vaksne spelte 6 runder langsjakk i gymsalen på Sandnes skule. I gruppe A sigra FM Vegard K. Gandrud, Hønefoss med 5 poeng, andreplass til FM Johannes L. Kvisla, Stavanger og tredje til Afras Mansoor, Søråshøgda - begge med 4 poeng. Oddvar Solli, Voss sigra i gruppe B med 5 poeng, andre til Bagher Portazedi, Folgefonn og tredje på Liam J. Rønnestad, Søråshøgda - begge med 4.5 poeng. Scott Birnie, Sotra sigra i  gruppe C med 5.5 poeng, Redi Cane, Masfjorden på andre med 5 poeng og Gard Rye Høyforsslett, Bergens på tredje med 4 poeng.  Resultatlister.  

Hurtigsjakk lørdag 18. februar
10 spelarar spelte 6 runder hurtigsjakk lørdag formiddag. Åtte frå Masfjorden, ein frå Haukås og ei frå Sotra.
Resultatliste:
1. Alexander Aasen, Haukås - 5 poeng
2. Thorstein H. Vågene, Masfjorden - 4.5 poeng
3. Nikolai K-Kallekleiv, Masfjorden - 4 poeng
4.-10. Kasper, Markus, Jonathan, Bella, Nikolai D.M., Kristoffer og Ammar.

NM for jenter   10.-12.2 17
Gabriela reiste til Oslo for å spela i NM med jenter frå heile landet. NM er delt inn i 5 aldersklasser, Gabriela spelte i miniputtklassen (slått saman med mikroputt). I første runde (bilde) vart det tap mot Anna frå Sotra. Siger i andre runde lørdag formiddag, tap i tredje og siger i fjerde. Resultatlister. Gabriela: 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0 = 2 av 6 poeng

Vestlandsserien Nord 2016/17
Masfjorden SK hadde med to lag, eit lag i første- og eit i andredivisjon avd. A.
2016: Masfjorden 2 spelte 2 - 2 mot Voss lørdag 29.10. Masfjorden 1 hadde w.o. Masfjorden 2 tapte 1.5 - 2.5 mot Søråshøgda 1 søndag 30.10. Masfjorden 1 tapte 1.5 - 3.5 mot Sotra 1 og Masfjorden 2 tapte 0 - 4 mot Florø 3/12.
2017:
Masfjorden 1 sigra 3.5 - 1.5 mot Haukås 1 14/1.
Dei to siste rundane vart spelt i Bergen lørdag 4. og
søndag 5. februar . Masfjorden 2 spelte 2 - 2 mot Sotra 2 og sigra 2.5 - 1.5 mot Folgefonn, Masfjorden 1 sigra 3 - 2 mot Bergens 3 og 2.5 - 2.5 mot Bergens 2. Resultatlister finn du her.

Prague Open 2017
13.-20. januar spelte Odd sjakk i Praha. I første runde vart det siger mot ein lågare rata spelar, tap mot (1963) i andre, remis i tredje. Søndag formiddag var det hurtigsjakk på programmet, Odd spelte seg til 4.5 av 9 poeng - resultatliste. I fjerde runde vart det remis, i femte kom den tredje remisen på rad, ny remis i sjette parti. I sjuande kom den andre sigeren, remis i åttande og siger i niande og siste runde. Resultatlister.

Odd (1731): 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 1 = 5.5 av 9 poeng

 

Arkiv 2016/15    Arkiv 2014/13   Arkiv 2012/11   Arkiv 1978-2011