2016

Æresmedlem i Ungdommens Sjakkforbund
Odd Birkestrand vart søndag 17.4.16 valgt til æresmedlem i USF, Odd har vore leiar og trenar i Masfjorden SKU sidan han starta klubben i 1978. I tillegg til det frivillige arbeidet han har lagt ned i Masfjorden SKU (æresmedlem sidan 2003), vart det m.a. lagt vekt på innsatsen for å få med fleire jenter i sjakkmiljøet. Du kan lesa meir om Odd (kulturpris og Kongen sin medalje i sølv) og klubben sin historikk f.o.m 1978 her.

Bilete er henta frå klubben sitt 30-årsjubileum der Odd takka for å ha fått utdelt Kongen sin medalje i sølv av ordførar og rådmann.

Sparebanken Vest , Reknes Byggjevarer LL og Brødrene Lahti AS var hovudsponsorar i 2016. Les meir om våre sponsorar her.  

NM i hurtigsjakk for seniorar   28.-29.12
Odd spelte NM i hurtigsjakk i Stjernen sjakklubb sine lokaler i Oslo. Odd var ein av dei lågast rata i gruppe A (over 1500 i rating) og det vart lite poeng i denne turneringa. Resultatlister.

Bergen onsdagshurtigsjakk  28.12
Sigve spelte hurtigsjakk i Bergen rett etter at VM i hurtigsjakk var ferdig i Doha. 32 spelarar fordelt på to grupper. Resultatlister

Sotra Advent BGP   11.12.16
Shjalg sigra i sin klasse i den siste BGP-turneringa i år på Sotra søndag 11. desember. Shjalg med 4.5 = førsteplass og Sondre 2 av 6 poeng spelte i lilleputt, Roy André 1 av 5 i kadett/ungdom. Resultatlister .

Resultatlister frå BGP-turneringar og BGP samanlagt for 2016 finn du her.
Kjetil (ungdom), Roy André (kadett) og Shjalg (lilleputt) er på topp 10! 

Juleavslutning på Sandnes 8.12.16
Siste treningsdag i 2016 på Sandnes vart avslutta med lynsjakk, pepperkaker, julebrus og premieutdeling for lynsjakkturnering hausten 2016. Shjalg sigra, Roy André andre- og Kasper på tredjeplass + pokal til Heine, Ken Henrik, Nikolai og Andreas.
 

Julevslutning i Nordbygda 6.12.16
Siste treningsdag i 2016 i Nordbygda vart avslutta med lynsjakk, pepperkaker, julebrus og premieutdeling for lynsjakkturnering hausten 2016. Shjalg kapra førsteplassen med 96 poeng (kun eit tap og ein remis mot Gabriela), med remis i det siste partiet sikra Gabriela seg andreplass med 75 poeng - eit poeng framfor Sondre på tredjeplass med 74 poeng. Dei andre som fekk pokal: Josefine, Kim Daniel, Nathaniel, Emil A. H., Steinar, Emil L. K., Thorstein og Tormod.

VM for seniorar  19.-30.11.16
Odd (1703) og Helge (2120) reiste til Marienbad i Tsjekkia saman med 12 andre nordmenn for å spela VM for seniorar. Odd fekk ein fin start med remis mot tre over 2000 i rating, han møtte høgare rata i alle partia sine. Resultatlister. NOR.
Odd:    0.5 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0.5 - 0 = 4 av 11 poeng
Helge: 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 1 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0 = 6.5 av 11 poeng

Bergen kursavslutnings-BGP  26.11.16
Shjalg og Sondre (begge i lilleputtklassen) var dei einaste frå Masfjorden SKU denne lørdagen. Shjalg spelte seg til fjerdeplass i lilleputt (slått saman med miniputt, kadett og ungdom). Resultatlister.

Bronstein Cup  19.11.16
Kjetil (1764) spelte omlag som forventa i hurtigsjakkturneringa på Sotra (prestasjon 1794). FM Sondre Merkesvik (2148) tok sin tredje siger på 3 helger (inkludert NMU klasse B)! Resultatliste .
Kjetil : 1 - 1 - 0 - 1 - 0 - 1 = 4 av 6 poeng.

Bergen Grand Prix   11.-13.11.16
Bergens arrangerte turnering for barn, unge og vaksne på Nordnes bydelshus denne helga. Fire masfjordspelarar - Lisbeth (B) og Shjalg (C) starta fredag kveld, Roy André (C) hadde w.o. i første runde. Odd Helge spelte dei to siste rundane i gr. A. Shjalg imponerte med 4.5 av 5 poeng, pen ratingframgang og pengepremie på kr 1500 for førsteplass i gruppe C. Roy André med ein flott sjetteplass og pen ratingframgang. Resultatlister.
Lisbeth: 1 - 0 - 0 - 0 - 0.5 = 1.5 av 5
Shjalg:  1 - 1 - 0.5 - 1 - 1 = 4.5 av 5 og 1. plass gr. C
Roy A:  0.5 - 1 - 1 - 1 - 0  = 3.5 av 5
Odd Helge:           
0 - 0.5 = 0.5 av 2

NM for ungdom 4.-6. november (Trondheim) 
Frå Masfjorden SKU spelte Kjetil (A), Shjalg (C), Heine (C), Josefine (D), Steinar (E) og Gabriela (G). Torsdag kveld var det NM-trening, grytidleg fredag morgon var det avreise frå Sandnes. I andre, tredje og fjerde runde spelte våre opp mange gode stillingar, det vart likevel ikkje så mange poeng - motstandarane kjempa godt og sigra i dei fleste partia. I femte vart det betre uttelling. Sjette (femte for A) runde vart den beste for våre med 4 av 6. I siste runde var det jentene som stod for poengfangsten. Resultatlister.
Kjetil:       0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0   = 2.5 av 6
Heine: (w.o) 1 - 0 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0    =    2 av 7
Shjalg:      0.5 - 0 - 0 - 1 - 0.5 - 0 - 0  =   2 av 7
Josefine:     0 - 0 - 0 - 0 - w.o 1 - 1 - 1 = 3 av 7
Steinar:       0 - 0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0       = 2 av 7
Gabriela:     1 - 0 - 0 - 0 - 0.5 - 1 - 0.5 = 3 av 7
 

Kjetil spelte seg til KM-tittel i gr. A (slått saman med gr. B og C) med 5.5 av 6 poeng. Shjalg Ole hadde sjansen til å sikra seg KM-tittel i gr. C og samtidig hjelpa Roy André til tittel i gr. B, i eit spanande sjette og siste parti vart det tap og med det tredjeplass - andreplass på Roy André, Heine spelte fleire gode parti i gr. C. Gabriela

spelte seg til fem av seks poeng og andreplass i gr. G. Steinar med tredjeplass i gr. E og Josefine i gr. D spelte seg begge til 2 poeng.

Dei sju masfjordspelarane gjorde ein god innsats i KM, mange gode parti, resultat og premier å ta med seg heim.

Hønefoss GP 14.-16. oktober
Lisbeth
(1630) spelte ei god turnering på Hønefoss. Høgdepunktet var sigeren mot talentet Sara Næss (1784) i tredje runde, det vart til slutt 3 av 6 poeng og ein pen ratingframgang (prestasjon 1835). Resultatliste.

Oslo Chess Festival 30.9.-6.10.16
Sigve (2052) kjempa om poeng i ei stor open turnering i Oslo. Det vart heilpoeng i første runde mot lavt rata motstand, i andre tap mot GM T.R. Hansen (2457), siger mot lavare rata i tredje, tap mot IM L.O. Hauge (2385) i fjerde, siger mot lavare rata i femte og sjette, remis mot FM E.O. Risting (2292) i sjuande, siger mot IM D. Derakshani (2405) i åttande. Tap mot GM A. Moiseenko (2648) i niande og siste runde, ei flott avslutning med m.a. sin første siger mot ein IM og bra ratingprestansjon. Resultatliste.

Søråshøgda BGP/UGP søndag 2. oktober
Sondre, Gabriela, Roy André og Shjalg var masfjordspelarane som kjempa om poeng i Bergen søndag 2. oktober. Shjalg spelte seg til ein fin tredjeplass med 4 av 6 poeng i lilleputt, Gabriela med 3 av 6 poeng i mikroputt. 

Sotra langsjakk-BGP/UGP 23.-25. september
Sigve spelte seg til 3 av 5 poeng og tredjeplass og Kjetil 2 av 5, begge i klasse Ungdom. Roy André 0.5 i Kadett, Shjalg og Heine 1.5 i Lilleputt. Heine (bilde) spelte det lengste partiet lørdag og vart belønna for godt spel og kjemping med siger på tid. Resultatlister

Masfjorden BGP/UGP 3 lørdag 17. september
Litt skuffande med berre 17 spelarar på den tredje BGP-turneringa i Masfjorden i år. Kjetil Andås, Masfjorden (Ungdom), Roy André B. Bogevåg, Masfjorden (Kadett), Shjalg Ole Næss, Masfjorden (Lilleputt), Kasper Larsen, Masfjorden (Miniputt) og Fredrik Aasen, Haukås (Mikroputt) sigra i kvar sin klasse. Resultatlister  

Ratingframgang på 98 poeng!
Yngve (1892) spelte seg til ein framgang på heile 98 poeng i fiderating med sitt sterke resultat i Xtracon Chess Open i sommar. Me vil legga ut nye ratinglister her når dei norske ratingtala pr 1. september er offisielle.
 

VM for juniorar  i India 8.-21. august
Sigve var rangert som nummer 69 av 80 i open klasse. Alle partia vart overført live (arrangør) og hos chess24.
Sigve (2106) fekk ein tøff start på VM og tapte mot IM S. Beukema (2380), FM V. Karthik (2305) og S. Yogit (2270) i dei tre første partia. I fjerde runde vart det siger mot C-C Hsu (1777). Tap mot FM T. Tran Minh (2353) i femte. Remis mot J. Seppala (1765) i parti 6. I sjuande mot C.C. Weerasinghe (1785) ofra Sigve korrekt dronning i trekk åtte (bilde), 9 trekk seinare fann han desverre ikkje dei beste trekka og gjekk på eit surt tap. Tap i niande mot S. Subramaniam (1863). Ein solid remis i tiande mot S. Avik (2000). Siger i ellevte mot N. Skettos (1561). Remis i tolvte mot D. Dassanayake (1859), w.o. tap i trettande = 3.5 av 11 poeng.
Paring og resultat (klikk på pairings and result-->open-->round).
Resultatliste
(klikk på standing-->open).

Olomouc Chess Summer 13-20.08
Odd (1702) reiste til Olomouc i Tsjekkia og spelte i seniorklassen. I første parti vart det tap mot B. Zdrazil (1934). Siger i runde to mot N. Klimina (1534), tap i tredje mot J. Plachy (1667). Siger i fjerde mot M. Novak (1429). Siger i femte mot J. Oral (1850). Tap i sjette mot FM Y. Vorobyov (2160). Torsdag formiddag spelte Odd seg til 3 av 7 poeng i hurtigsjakk. Resultatliste. Nytt tap i sjuande mot A. Waisberg (1879). Remis i åttande mot V. Kympergr (1468). Siger i niande mot K. Glacner (1552). Resultatliste.

Odd: 0 - 1 - 0 - 1 - 1 - 0 - 0 - 0.5 - 1 = 4.5 av 9 poeng

NM i cafesjakk 2016
Helge og Arn-Tore spelte i gruppe A i NM i cafesjakk fredag 5. august i Grand Selskapslokaler i Bergen. Det var med 60 spelarar i gruppe A og 26 i gruppe B. Ole Johan Valaker tok sin andre turneringssiger under Bergen spillfestival. Helge spelte seg til 4 av 6 poeng, Arn-Tore 3.5 poeng. Resultatlister.

Åpent Hordalandsmesterskap i hurtigsjakk NGP 2016
Sigve spelte hurtigsjakk i Bergen saman med 41 andre på Nordnes Bydelshus tirsdag 2. august. Resultatliste.
 
Åpent Hordalandsmesterskap i lynsjakk NGP 1.8.16

Lisbeth og Torkel var med på lynsjakk i Bergen mandag kveld. Begge spelte seg til 4 poeng på dei ti rundane og havna på nederste del av resultatlistene blant dei 43 deltakarane. Lisbeth. Torkel. Resultatliste

23.-31. juli

Sigve si siste langsjakkturnering før VM i India var den store opne turneringa (398 spelarar) i Helsingør. Saman med han reiste Yngve og Odd Helge frå Masfjorden (og Vidar frå Ørskog). Yngve og Vidar knalla til med poeng mot langt høgare rata motstand i dei to første rundane. Yngve fekk tøff motstand (kun ein lavare rata) i resten av partia og avslutta med stil, 5 poeng og andreplass (kr 2500,-) i ratinggruppa (1701-1800). Sigve satsa for hardt i nokre remissluttspel og endte opp med 5.5 poeng og ein liten ratingframgang. Resultatliste.

Sigve (2087):          1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 1 - 0.5 - 0 - 1 - 0 = 5.5 poeng
Yngve (1794): 0.5 - 1 - 0 - 0 - 0.5 - 1 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 = 5 poeng
Odd Helge (1676):  0 - 0 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 0 - 0 - 1 - 1 = 3.5 poeng
Vidar (1646)        1 - 0.5 - 0 - 0 - 0 - 0.5 - 0 - 0 - 1 - 1 = 4 poeng

Bergen Sommer NGP 
29.-31.7.16
Lisbeth og Roy André spelte i gruppe B i den første sjakkturneringa under Bergen spillfestival. Lisbeth spelte seg til 4.5 av 5 poeng og førsteplass, Roy André tok 1.5 poeng og fekk ein liten ratingframgang.

Resultatlister.

Sigve lada opp til VM med å spela i juniorklassen i landsturneringa. Sigve (2087) spelte seg til 3 poeng på dei fire første rundane, i femte runde vart det tap mot ratingfavoritt FM Benjamin Haldorsen (2283). Siger i sjette parti, men med tap i sjuande var Sigve desverre ute av kampen om NM-tittel. Sigra i åttande og remis i niande = 6. plass

.

.

Sigve: 1 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0.5 = 5.5 av 9

Sigve og Odd prøvde seg fredag kveld i NM i lynsjakk utan den heilt store suksessen, Odd spelte seg til sjetteplass i seniorklassen.

Bergen Sommerlyn 22.6.16
Tre masfjordspelarar tok turen til Bergen på treningssamling med Sigve og Odd Helge, og avslutta med å kjempa om poeng i lynsjakk i Bergens sine lokaler. Sigve var med i gruppe A og spelte seg til 5 av 9 poeng. Shjalg, Roy André og Heine spelte i gruppe B. Shjalg slo til med 7 av 9 poeng, tredjeplass i gruppa og vinnar av klasse 5. Roy André og Heine spelte seg til 3 av 9 poeng. Resultatlister.

Bergen Sommerlyn 15.6.16
Roy André tok turen til Bergen for å bryna seg mot god motstand i lynsjakk. Sjølv med 2 av 11 poeng var dette ein god prestasjon, han møtte mellom anna ein IM og ein FM og 6 andre spelarar med over 1600 i norsk rating. Resultatliste.

NM for klubblag  10.-12.6.16
Masfjorden SK/SKU reiste til Stavanger med to lag i NM; Masfjorden sjakklubb: Sigve, Helge, Arn-Tore, Kjetil og Odd. Masfjorden 2: Ole-Magne, Odd Helge, Shjalg Ole, Roy André og Tormod.
I første runde var førstelaget favoritt på alle bord og sigra 4 - 0, andrelaget møtte sterk motstand og gjekk ned 0 - 4. Førstelaget sigra 3 - 1 og andrelaget 4 - 0 i andre runde. Tap 0.5 - 3.5 for førstelaget og 1.5 - 2.5 for andrelaget i tredje runde, siger 3 - 1 for førstelaget og tap 1 - 3 for andrelaget i fjerde runde. Femte runde endte med 0.5 - 3.5 og 0 - 4 tap, i sjette og siste vart det uavgjort 2 - 2 og 1 - 3 tap. Sigve med 4 av 6 og Odd Helge med 3 av 5 tok flest poeng på kvar sitt lag.  Resultatliste.
 

Avslutning på Sandnes 9.6.16
Siste klubbkveld før sommarferien vart avslutta med lynsjakkrunde, pizza og premieutdeling. Shjalg Ole sigra i klubbturneringa, Heine spelte seg til andre-, Roy André tredje- og Øyvind fjerdeplass. I lynsjakk vart det den tredje førsteplassen på Shjalg Ole, Heine andre-, Roy André tredje- og Andreas fjerdeplass.
Ann Regine, Julie, Kasper, Markus, Ken Henrik, Jonathan, Erlend, Nikolai og Adrian fekk óg pokal.
 

Avslutning i Nordbygda 7.6.16
Siste treningsdag før sommarferien vart avslutta med siste lynsjakkrunde, pizza og premieutdeling. Shjalg Ole har vore heilt suveren i lynsjakkturneringa, han tapte berre eit parti og gjekk til topps med 53 av 54 poeng (tapet kom i det første partiet han måtte spela med eit minutt mindre enn dei andre). I tillegg fekk han førsteplass i lynsjakk- og klubbturnering på Sandnes. Gabriela spelte seg til andre-, Tormod tredje-, Thorstein fjerde- og Sondre femteplass. Josefine, Steinar, Vilde, Emil K., Emil, Ida, Damian, Nathaniel og Kim Daniel fekk óg pokal. I tillegg fekk Sondre ein ekstrapremie (sjakkbrett); han har reist frå Brekke for å trena og læra meir sjakk. Damian og Emil K. fekk bokpremie for å ha jobba godt med sjakkoppgåver/teknikktrening. 

Åpent Hordalandsmesterskap GP 27.-29.5.16
Lisbeth, Shjalg Ole og Roy André spelte turnering i Olsvik (SOS Barnebyer) denne helga. Shjalg Ole spelte seg til ein strålande sjuandeplass av 28 (alle klassane spelte i ei gruppe) med 3.5 av 5 poeng, førstepremie i klasse 5 (Liam J.R. fekk førstepremie i klasse 4) og ein ratingframgang på omlag 100 poeng.  Lisbeth  spelte seg til ein flott niandeplass med 3 poeng.
Roy André , spelte fleire gode parti og var nær å ta meir enn 1 poeng.  Resultatliste.  

Søråshøgda Mai-BGP  22.5.16
Shjalg Ole (lilleputt), Roy André (kadett) og Sondre (lilleputt) reiste til Bergen for å spela BGP/UGP-turnering søndag 22. mai. Shjalg Ole og Roy André tapte 3 og sigra i 3 parti, Sondre spelte seg til 2.5 av 6 poeng. Resultatlister.
 

Stavanger Norway Chess GP 22.-24.4.16
I tillegg til hovudturneringa Altibox Norway Chess, var det fleire sideturneringar (GP, landskamp, skulelagsjakk mm).
Lisbeth spelte seg til 3.5 av 6 poeng i klasse B i GP-turneringa, eit resultat omlag som forventa. Resultatlister.

NM for skulelag 15.-17.4.16
NM for skulelag vart i år arrangert i Bergen på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli. Nordbygda skule stilte med barneskulelag - Shjalg Ole, Sondre, Gabriela, Steinar og Josefine. I første runde sigra dei 4 - 0, tap 0 - 4 i andre, uavgjort 2 - 2 i tredje, 0 - 4 tap i fjerde, 1 - 3 tap i femte, 3 - 1 siger i sjette og 1 - 3 tap i sjuande og siste runde. Resultatlister.

Shjalg Ole, Steinar, Sondre og Roy André fekk spela simultan mot GM Leif Erlend Johannessen. Shjalg Ole klarte å lura til seg remis ved å unngå å bli matt før tida til GM'n var ute.
 
I tillegg til NM for skulelag, vart det arrangert:
Bergen Barnas Grand Prix  17.4.16
Roy André spelte i kadettklassen og tok 2 av 5 poeng. Han spelte jamt med klassevinnaren, men tapte sluttspelet. Resultatlister .

Premiedrysset Grand Prix Bergen 16.4.16
Roy André  i gruppe B var den einaste frå Masfjorden. Han spelte ei god turnering og kom på femteplass med 4 av 7 poeng (han var i delt leiing før sjuande og siste parti, det vart desverre tap). Resultatlister.

Sjakk1.no Velkomstlyn-GP 15.4.16
(ingen med frå Masfjorden).
 

Bergen kursavslutnings-BGP    lørdag 9. april
Bergens arrangerrte BGP/UGP-turnering på Nordnes bydelshus, heile 94 spelarar møtte opp denne flotte vårdagen. Frå Masfjorden spelte Shjalg seg til 3.5 av 6 poeng i lilleputt, Roy André 2 poeng i kadett og Gabriela 3 poeng i Mikroputt. Resultatlister.

Sigve er tilbake som medlem i Masfjorden SK og deltar i år i GM-gruppa på Fagernes

var ein av dei lågast rata i klassen og fekk ein tung start på turneringa. Han avslutta med å slå tvillingsøstrene Machlik i dei to siste partia, og med det 4 av 9 poeng.

Lørdag 26. mars var det lynsjakk i to grupper (o/u 1500). Shjalg og Lisbeth spelte i gr B og Sigve i A, Lisbeth spelte seg til ein flott andreplass! Resultatlister.

Årsmøte i Masfjorden SKU 17.3.16
Årsmelding, rekneskap og val var på saklista til årsmøtet i Masfjorden SKU på Sandnes skule torsdag 17. mars kl 19.00. Leiar nytta høvet til å takka avtroppande kasserar Vebjørn og styremedlem Gry Helen for jobben dei har gjort i styret dei siste fire åra.

Styremøte i Masfjorden SKU 17.3.16
Konstituering av nytt styre og ein søknad om støtte var sakene på eit kort styremøte i etterkant av årsmøtet. Du kan lesa referat frå årsmøte og styremøte under lenka "Medlemmer". 

KM for skulelag 12.3.16
KM for skulelag vart arrangert i Bergen. Desverre kolliderte det med seminar i skulemusikken, og dermed ingen lag frå Masfjorden i år.

Bad Wörishofen  26.2-5.3.16
Odd tok turen til Tyskland for å spela i seniorklassen i ein stor sjakkfestival litt vest for München. I dei to første rundane vart det tap mot spelarar rata 2009 og 2153. Resultatliste.

Odd (1746): 0 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0 = 3 av 9 poeng

Masfjorden Grand Prix 2016
Masfjorden SKU/SK arrangerte tre turneringar for barn, unge og vaksne helga 19. - 21. februar. I Masfjorden GP var det med 53 spelarar i gruppe A (6), B (14) og C (33).
A: 1. FM Vegard Koi Gandrud, Hønefoss 5.5 poeng 2. Johannes Luangtep Kvisla, 1911 5.0 poeng 3. Joar Gullestad Pettersen, Stavanger 4.5 poeng.
B: 1. Mikael Takle, Bergens 3 poeng 2. Lisbeth Haugsvær, Masfjorden 3 poeng 3. Kjetil Andås, Masfjorden 3 poeng.
C: 1. Philip Sumner, Masfjorden 6 poeng 2. Kip Sumner, Masfjorden 5 poeng    3. Monica Lauvik Fjeldstad, Sotra 4.5 poeng. Resultatlister.

Nordisk for ungdom  19.-21.2.16
Sigve spelte ei god turnering i Sverige, han tok 3.5 av 6 poeng og møtte høgare rata spelara i 5 av partia. NM-vinnar IM Johan-Sebastian Christiansen sigra med 6 av 6 poeng.
 

Masfjorden BGP 2 21.2.16
14 spelarar fann vegen til Sandnes skule for å kjempa om poeng og premier i dei tre yngste BGP-klassane. Joakim Aasen, Haukås sigra i mikroputt, Kasper Larsen, Masfjorden i miniputt og Nikolai Kjøsnes-Kallekleiv, Masfjorden i lilleputt. Resultatlister.
 

Masfjorden BGP 1  20.2.16
Mange av dei unge spelarane valde å spela i langsjakkturneringa Masfjorden GP denne helga. 10 barn stilte opp i den første BGP-turneringa i år. Ann Regine sigra i lilleputt, Erlend i miniputt og Emil i mikroputt. Resultatlister.

NM for jenter   12.-14.2.16
Gabriela og Josefine var i Oslo for å spela NM i sjakk for jenter. Gabriela spelte seg til 4 av 6 poeng og femteplass i mikroputt og Josefine tok 1.5 av 6 poeng i lilleputt.
Resultatlister.

Vestlandsserien 2015/16
Masfjorden SK tapte 0 - 5 mot favorittane SK 96 i første runde i seriesjakken. I andre runde vart det eit nytt tap, denne gong 1 - 4 mot Bergens 3. I tredje 0 - 5 tap mot Bergens 2. Siger 3 - 2 mot Søråshøgda i fjerde. Ny siger i femte med 4 - 1 mot Sotra 2. Med dei fira lagpoenga me spelte oss til den siste seriehelga, klarte me å halda plassen i 1. divisjon.

Kjetil (og Sigve) med gode resultat i lyn- og hurtigsjakk på Sotra denne helga. Kjetil vart beste klasse 2 spelar i lynsjakk og tredjebeste i hurtigsjakk.

  8.-15.1.16

Odd (1764) reiste til Praha saman med fleire nordmenn. Dei fleste spelte i

. Remis i dei to første og siger i tredje parti. I fjerde vart det tap mot den høgast rata i gruppa, remis i femte.

, Odd spelte i

Odd : 0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 1 - 0.5 = 5 av 9 poeng
 
Lynsjakk 13.1.: GM Simen Agdestein sigra med 11 av 11 poeng, resultatliste. Odd spelte ei variert turnering med 4.5 av 11 poeng, høgdepunktet var nok remis i første runde mot Robin Jacobi (2268).

2015

Sotra Lucia BGP 13.12.15
Tre masfjordspelarar tok turen til Sotra for å kjempa om poeng og premiar i den siste BGP-turneringa i 2015. Shjalg og Heine spelte i ein jamn lilleputtklasse, Roy André i ein sterk kadett-/ungdomsklasse. Sjølv om Shjalg sigra mot vinnaren av klassen, måtte han til slutt ta til takke med fjerdeplass.

Juleavslutning på Sandnes
Lynsjakkrunde, pepperkaker, julebrus, boller og eplekake var ingrediensane på den siste treningskvelden i 2015.
I gr. B vart det pokal til: 1. Andreas 2. Kasper 3. Ken Henrik, medalje til Markus, Julie, Adrian, Erlend og Jonathan.
I gr. A vart det pokal til: 1. Shjalg 2. Øyvind 3. Heine, medalje til Roy André, Ann Regine, Nikolai og Sondre.
NB! Shjalg spelte seg til førsteplass både i Nordbygda og på Sandnes. 

Juleavslutning i Nordbygda

Lynsjakkrunde, pepperkaker, sjokoladekake, julebrus, pokaler og medaljer var ingrediensane på den siste sjakktreninga i 2015.

I gr. B vart det pokal til: 1. Vilde 2. Emil 3. Bergit, medalje til Josefine, Kim Daniel, Damian, Nathaniel og Ida.

I gr. A vart det pokal til: 1. Shjalg 2. Gabriela 3. Sondre, medalje til Tormod, Emil K, Steinar og Thorstein.

Bergens BGP  6.12.15
Shjalg spelte seg til ein sterk andreplass i lilleputtklassen med 4.5 av 6 poeng. Han hadde høgast ratingprestasjon av dei 16 som spelte i gruppe ungdom/kadett/lilleputt.

Roy André (kadett), Josefine (miniputt) og Gabriela (mikroputt) spelte mange gode parti.

Masfjorden BGP 4  22.11.15
Kjetil Andås, Masfjorden sigra i klasse Ungdom, Øyvind Andvik, Masfjorden i Kadett,  Shjalg Ole Næss, Masfjorden og Henrik Iversen, Søråshøgda delte sigeren i Lilleputt, Andreas Price, Søråshøgda i Miniputt og Jonas Bringsvor Nilsen, Søråshøgda i Mikroputt. 

VM for seniorar 10.-21.11.15
Odd og Helge var i Italia og kjempa om poeng saman med fleire nordmenn og mange gode utlendingar. NOR.
Odd:     0 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0 - 0 - 0.5 = 3.5
Helge: 1 - 0 - 0.5 - 1 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0.5 = 6 

NM for Ungdom 13.-15.11.15
7 spelarar frå Masfjorden SKU deltok i NM for Ungdom 2015 i Bergen. Sigve (A) spelte seg til 2. plass og er med det kvalifisert for Nordisk meisterskap 2016, Kjetil (A), Roy André (B), Shjalg (D), Sondre (D), Josefine (E) og Gabriela (G) kjempa om poeng i 5 av 7 årsklassar. Resultatlister.

Søråshøgda BGP   8.11.15
Gabriela med 3 av 6 poeng og Josefine spelte BGP-turnering i Bergen søndag 8. november.

Bronstein Cup 7.11.15
Shjalg med 3 av 6 poeng og femtepremie i klasse 5 gjorde det best av dei to masfjordspelarane i den tradisjonelle hurtigsjakkturneringa på Sotra. Roy André med 2 av 6. IM Kjetil Stokke sigra med perfekt score 6 av 6 poeng.

Bergen Grand Prix  23.-25.10.15
Kjetil i gruppe A, Shjalg og Roy Andrè i gruppe C spelte turnering i Bergen denne helga. Etter 5 av 5 runder vart det; Kjetil 1 poeng, Shjalg 2.5 og Roy Andrè 1.5 (Sigve 3). 

Kretsmesterskap på Nordnes Bydelshus og i Bergens sine lokaler - to lokaler pga rekordstor påmelding og over 100 deltakarar. Masfjorden SKU hadde med 9 spelarar fordelt på 5 av dei sju årsklassane. Øyvind Andvik tok KM-tittelen i klasse B, med Roy André B. Bogevåg på andreplass. I A kom Sigve Hølleland på andre- og Kjetil Andås på tredjeplass. Andreas Nordland og Shjalg Næss spelte seg begge til femteplass i G og D.

.

.

Ålesund Lyn-GP 19.9.15
Dag Orseth spelte seg til ein ny tredjeplass i lynsjakk, denne gang i Åpent KM i lynsjakk i Møre og Romsdal 2015. Resultatliste.

Søråshøgda BGP søndag 13.9.15
Turnering for barn og unge på Nordnes Bydelshus i Bergen.
Resultatlister.

Åpent Stavangermesterskap i lynsjakk 31.8.15
Masfjordspelaren Dag Orseth (2281) med sterk 3.plass i lynsjakk i Stavanger, etter m.a. remis mot IM med 2441 i rating. Resultatliste.

Riga
, Berlin og Wien
Odd Helge (Riga 10.-16.8), Odd (Berlin 15.-23.8) og Sigve (Wien 15.-23.8) reiser på nye turneringar i august. Det blir lagt ut lenker til resultatlister etter kvart som turneringane starter
. Resultatliste Riga. NOR A - NOR B.

Odd Helge:
0 - 0 - 0.5 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0 - 1 = 3.5

Odd:
1 - 0 - 1 - 0 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 1 = 5

Sigve:
0 - 0.5 - 1 - 1 - 0 - 1 - 0 - 0 - 0.5 = 4   NOR.

25.7-2.8.15

til Danmark for å kjempa om poeng saman med 431 andre sjakkspelarar (10 runder). Begge fekk brynt seg mot langt høgare rata motstand og kom i fra det med eit resultat litt over forventa

0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 = 4.5 poeng


Yngve og Odd Helge reiste

0 - 0 - 0.5 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0 = 4 poeng

24.-31.7.15

Arn-Tore og Odd spelte den tradisjonelle turneringa i Bergen. Arn-Tore kom på niandeplass og med det best av klasse 1 spelarane med 4 av 6 poeng.
Sjakk1.no Lyn-GP Hordaland 
Torkel og Sigve spelte lynturnering 27. juli. Sigve sigra i klasse 1 med 6.5 av 10 poeng.
Sjakk1.no Sommer-GP Bergen  
Sigve og Kjetil spelteGP-turnering24.-26. juli (Sigve har meld overgang til Sotra SK for å få spela i eliteserien til vinteren).
Sigve:
1 - 0.5 - 0.5 - 0.5 - 0 = 2.5 av 5 poeng
Kjetil:  0 - 0 - 1 - 0.5 - 1 = 2.5 av 5 poeng

Landsturnering 2015  4.-11.7.15
Landsturneringa vart arrangert av Nordstrand SK i Oslo med ny deltakerrekord. Sigve var den einaste frå Masfjorden SK og han møtte tøff motstand i Mesterklassen. Resultatlister i alle klasser her.
Sigve: 0 - 0 - 0.5 - 0 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0.5 = 3 av 9 poeng.

NM i lynsjakk  10.7.15
Odd (7. plass i senior) og Sigve (7. plass i junior) spelte NM i lynsjakk fredag kveld. Resultatlister

Sjakkleir-BGP  28.6.15

 
SJAKKLEIR

torsdag 25. - søndag 28. juni 2015

Sigve Hølleland (Ung) Masfjorden, Torbjørn K. Hystad (kad) Søråshøgda, Henrik Iversen (Lil) Søråshøgda, Bastian N. Magnussen (Min) Fana og Jonas B. Nilsen (Mik) Søråshøgda sigra i sine klasser på Sjakkleir-BGP på Nordbygda skule.

Mange gode tilbakemeldingar etter sjakkleiren på Nordbygda skule, på programmet var det stort sett sjakk, anna leik/aktivitetar, måltider og soving. Leiren vart avslutta med BGP-turnering søndag 28. juni.

NM for klubblag 12.-14.6.15
Masfjorden SK
reiste til Haugesund for å delta i NM for klubblag. Arn-Tore, Sigve, Kjetil og Ole Magne spelte mot Stavanger 10 og sigra 4 - 0 i første runde. Mot Stavanger 1 vart det 0 - 4 tap i andre. Siger 4 - 0 mot Sandnes 2 i tredje, 1 - 3 tap mot Tromsø 1 i fjerde. Siger 2.5 - 1.5 i femte mot Bergens 2. Siger 3 - 1 i sjette og siste runde mot Stavanger 4. Laget kom med det på niandeplass, tre plasser betre enn rangert. Resultatlister.

Sjakkavslutning på Sandnes 4.6.15
Vårsesongen vart avslutta med lynsjakk, premier, mat og drikka.
Lynsjakk gr A:
1) Heine 2) Øyvind 3) Shjalg, medalje til Roy André, Ann Regine, Nikolai, Julie, Kjell Olav og Sondre.
Lynsjakk gr B:
1) Kasper 2) Andreas 3) Ken Henrik, medalje til Erlend, Markus, Alexander, Adrian og Jonathan.
Klubbturnering gr A:
1) Øyvind 2) Heine 3) Sondre og Shjalg, medalje til Roy André, Kjell Olav, Ann Regine og Julie.
Klubbturnering gr B:
1) Nikolai 2) Andreas, medalje til Adrian, Markus, Kasper og Erlend.
 
 

Sjakkavslutning i Nordbygda 2.6.15
Omlag 20 spelarar har deltatt på trening i vinter og vår, me avslutta lynsjakkturneringa med premier + litt mat og drikke.
Lynsjakk gr. A
1. pl: Shjalg - 2. pl: Gabriela, medalje til Tormod, Henri, Josefine og Steinar.
Lynsjakk gr. B
1. pl: Bergit - 2. pl: Emil - 3. pl: Vilde - 4. pl: Ådne - 5. pl: Damian, medalje til Nathaniel, Nicholas, Elias, Ida, David, Kim Daniel, Ben Jonas, Emil (Guro og Solveig).

Gabriela var på landslagssamling 30.-31. mai:
http://stormester.no/pages/view/sjakk_for_ungdom_2

Masfjorden BGP 3   søndag 31. mai
Masfjorden SKU arrangerte turnering for barn og unge. Dei 17 som fann vegen til gymsalen på Sandnes skule koste seg med sjakk, pizza og brus. Du finn resultatlister via lenka over.

Bergen Pinsehurtigsjakk
Kjetil
spelte seg 25. mai til ei god plassering med tolvteplass i hurtigsjakk i Bergen med 4 av 6 poeng, førsteplass til GM Jon Ludvig Hammer.

Klubbmesterskap i Kristiansund vår 2015
Bjørn fekk sitt einaste tap i siste runde, likevel solid ratingframgang og ein flott tredjeplass i B-klassen. Resultatliste.

EM for senior i Hellas  29.4-7.5.15
Odd og Helge var saman med fleire nordmenn i Hellas for å kjempa om poeng i hard kamp med andre seniorar. Resultatlister Open 65.
Odd:      0 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0.5 - 0 = 2.5 av 9 poeng
Helge: 0.5 - 0.5 - 1 - 1 - 0 - 0.5 - 0.5 - 0 - 0.5 = 4.5 av 9 poeng


Sigve fekk bokpremie i klasse Ungdom.

Øyvind med andreplass og sjakkstipend på kr 500,- i klasse Kadett.
Dei andre som hadde samla nok poeng fekk diplom.

Kjetil med førsteplass og sjakkstipend på kr 1000,- i klasse Ungdom.

søndag 26. april

Turnering for barnelag i Bergen med aldersgrense 10 år og yngre. Markus, Erlend, Ken Henrik og Adrian spelte for Masfjorden SKU. Laget tapte første, spelte uavgjort i andre og sigra i tredje, tap i fjerde og femte, uavgjort i sjette og tap i sjuande kamp.

Markus0 -  0 -  1 -  0 - 0 - 1 - 0 =  2 av 7 poeng
Erlend:  
0 -  1 - .5 - 0 - 1 -  0 - 0 = 2.5 av 7 poeng
Ken H.:   0 - 1 -  1 -  0 - .5 - 0 - 0 = 2.5 av 7 poeng
Adrian:  .5 - 0 -  1 - .5 -  0 - 1 - 1 =  4 av 7 poeng

NM for skulelag   17.-19. april
Nordbygda skule reiste til Moss for å delta i barneskuleklassen. I første runde vart det tap mot Kringsjå, i andre uavgjort mot Frydenlund (bilde). Lørdag morgon vart det tap mot Søråshøgda Mini S. Det vart eit nytt tap i fjerde runde. Uavgjort i femte, i sjette vart det siger og ny siger i sjuande og siste runde.
Tormod:   0 - 0 - 0 - 0 - x - 1 - 0 = 1 av 6 poeng
Shjalg:      0 - 1 - 0 - x - 1 - 1 - 1 = 4 av 6 poeng
Josefine:  0 - 0 - x - 0 - 0 - 1 - 1 = 2 av 6 poeng
Steinar:    x - 1 - 0 - 0 - 0 - x - 1 = 2 av 5 poeng
Gabriela:  0 - x - 1 - 0 - 1 - 1 - x = 3 av 5 poeng

Bergen kursavslutnings-BGP   lørdag 11. april
Øyvind og Roy Andre (kadett), Shjalg (lilleputt) og Alexander (begynner) tok turen til Bergen. Øyvind med tredjeplass og Shjalg på femteplass var dei av masfjordingane som fekk best flyt på brikkene.

Fagernes Chess International 29.3.-5.4.15
Sigve: 0.5 - 0 - 0 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0 - w.o. - 0.5 = 3 av 9 poeng

21.3.15

Frå Masfjorden hadde Nordbygda med lag.
1. runde: Nordbygda - Damsgård      3 - 1
2. runde: Nordbygda - SøråshøgdaK  0 - 4
3. runde: Nordbygda - Møhlenpris    3 - 1
4. runde: Nordbygda - Alvøen          1 - 3
5. runde: Nordbygda - SøråshøgdaS  1 - 3  Gabriela, Shjalg, Josefine, Steinar og Tormod med 4. plass i sitt første KM for skulelag!

Gabriela med 3 av 4 poeng og premie som beste fjerdebordspelar

.

KM for skulelag i Bergen

Sotra Vår-BGP 15.3.15
Shjalg
med tredjeplass i lilleputt var einaste masfjordspelar på Sotra.

Ålesund Grand Prix 2015

13.-15.3.15

Bjørn og fleire frå Hordaland var i Ålesund denne helga - resultatliste.
Bjørn:
0 - 1 - wo= - 0.5 - 1 - 0 = 3 av 6 poeng.

VM for seniorlag  24.2-4.3.15  Seniorsjakkside
Odd (Trondheim) og Helge (Norway 1) spelte VM for seniorlag i Dresden. Odd møtte høgare rata motstand i dei to første, Helge lavare i første og stod over andre. Helge slo ein tyskar (2355) i tredje, Trondheim w.o. Odd ned mot WGM (2217) i fjerde og ein finne i femte, Helge ned i fjerde og remis i femte. Begge avslutta med poeng i dei 3 siste partia.
Odd (1789): 0 - 0.5 - wo - 0 - 0 - x - 1 - 0.5 - 1 = 3 av 7 poeng
Helge (2171): 1 - x - 1 - 0 - 0.5 - x - 0.5 - 0.5 - 0.5 = 4 av 7 poeng
 

Sjakk1.no Vinter-GP Sotra  27.2-1.3.15
Sigve tok turen til heimtraktene og spelte i klasse A på Sotra.
Sigve (2042): 1 - 0 - x - 0 - 1 = 2 av 4 poeng

Onsdagshurtigsjakk i Bergen  25.2.15
Ole-Magne spelte seg til tredjeplass i gruppe B.
Sigve i Strilen.no  24.2.15
Avisa Strilen har fanga opp at Magnus Carlsen besøkte sjakklinja på NTG-Bærum, mellom anna spelte han simultan mot elevane.

Masfjorden sjakklubb arrangerte NM for Jenter for femte gong. Gabriela Lunde Haugsdal vart den femte jenta frå Masfjorden som blir Noregsmeister i NMJ: Trude Birkestrand, Silje Totland (2), Andrea Horgen Kvinge og Katarina Horgen Kvinge - les meir om NM-titlar

.

Resultatlister:

Førsteplassane i NM for Jenter
Ungdom: Kimiya Sajjadi, OSS - Kadett: Ingrid Andrea Greibrokk, Alta
Lilleputt: Maria Næss, Vålerenga - Miniputt: Linnea Garberg Tryggestad, Nordstrand - Mikroputt: Gabriela Lunde Haugsdal, Masfjorden.

Gabriela (nr 2 frå høgre) sigra i mikroputt i NMJ 2015.

Gabriela (nr 2 frå høgre) sigra i mikroputt i NMJ 2015.

NM for Jenter 2015    Masfjorden GP 2015

Bilder dag 1    Bilder dag 2    Bilder dag 3     (Fotograf: Audun Hølleland)

Anne-Elisabeth Westerlunds-pokal for beste lilleputt: Maria Næss
AEW-gullmedalje for beste parti: Maria Næss og Amalie I. Merkesvik 1 - 0 
AEW-sølvmedalje: Sofie Løfaldli og Ingrid Jørdre Kvamme remis.
AEW-bronsemedalje: Ingrid Skaslien og Thyra Kvendseth 0 - 1.

Nordisk for ungdom 13.-15.2.15
Sigve og Afras (Søråshøgda) var kvalifisert for turneringa på Færøyane etter siger i NM for ungdom i Stavanger i november. NOR
Sigve: 0 - 1 - 1 - 0 - 0 - 1 = 3 av 6 poeng
Afras : 1 - 1 - 0.5 - 0 - 0.5 - 0 = 3 av 6 poeng

Første BGP/UGP-turnering i vårt nærområde var Søråshøgda BGP/UGP  11.2.15. 

NM-trening 6.2.15
Fem av jentene i Masfjorden SKU brukte fridagen til ei ekstra treningsøkt før Sjakkfestivalen. Planlegging, teknikktrening, oppgåveløysing og lynsjakk stod på programmet.

Vestlandsserien 2014/15
Masfjorden 1 speler i 1. divisjon og hadde w.o. i 1. runde, Masfjorden 2 i 2. divisjon sigra 2.5 - 1.5 mot nystarta Folgefonn  på Rosendal Fjordhotell. I 2. runde sigra Masfjorden 1 mot Sotra 2 (2.5 - 1.5), Masfjorden 2 hadde w.o. I 3. runde spelte Masfjorden 2 - Søråshøgda 1 (2 - 2). Lørdag 10. jan sigra Masfjorden 2 mot Sotra 3 (4 - 0), Masfjorden 1 tapte mot Bergens 3 (1 - 4). I femte runde tapte Masfjorden 2 mot Bergens 4 (1.5 - 2.5). 7. februar tapte 1.laget (0 - 5) mot Bergens 2 og 2.laget tapte (1.5 - 2.5) mot Bergens 4. I siste runde gjekk Masfjorden 1 på ein ny smell mot favorittane Sotra 1 (0.5 - 4.5). Du finn individuelle resultat og tabell via lenka i overskrifta.

Gibraltar Chess Festival 26.1-5.2.15
Sigve (2116) reiste med NTG og fleire til Gibraltar for å spela 2 turneringar. Der prøvde han å revansjera det relativt svake resultatet i Praha. Både i Challenger A og Master vart det desverre eit resultat under forventa.
Resultatlister: Master  NOR  Challenger A   NOR
Sigve Ch A:
0 - 0 - 1 - 1 - 0.5 = 2.5 av 5 poeng
Sigve Master:
0 - 1 - 0 - 0 - 0 - 0.5 - 1 - 0 - 0.5 - 0 = 3 av 10 poeng

16.-18.1.15

Sigve reiste rett frå Praha til NTG-hurtigsjakk i Bærum, som i Tsjekkia vart det mindre poeng enn forventa. Bjørn spelte ei god turnering i Kristiansund GP, med 3.5 av 6 poeng spelte han seg til 11. plass og pen ratingframgang.

Bjørn og Sigve

9.-16.1.15

Sigve og Odd reiste til Praha saman med andre spelarar frå Hordaland og NTG. Begge møtte lavare rata spelarar i alle rundane, unntatt Sigve som spelte mot ein IM i tredje og Odd i siste parti. Alle norske resultat her: A | B

Sigve gr A: 0.5 - 1 - 0 - 0 - 1 - 0 - 0 - 0 - 1 = 3.5 av 9 poeng
Odd gr B: 0.5 - 0.5 - 0.5 - 1 - 0 - 1 - 1 - 1 - 0.5 = 6 av 9 poeng

Utdanning og NRK-TV
Bladet Utdanning har vore på besøk hjå Masfjorden SKU, les meir om det her. Torsdag 4. desember var NRK-Vestlandsrevyen på besøk:
Sending mandag 5. jan kl 18.45
(innslaget kjem på slutten av sendinga).

Kjetil sigra i klasse Ungdom og Øyvind sikra seg andreplass i Kadettklassen. Masfjorden SKU arrangerte 4 BGP/UGP-turneringar, Sjakkleir BGP/UGP og Nordhordland Sjakk AS arrangerte Knarvik Senter BGP/UGP.