Hafs elektro & rør    Sparebanken Vest    Mowi Norway AS


Equinor (Mongstad) Frode Haugsvær Maskin AS  Sandnesbryggja       


Les meir om våre sponsorar
her.    Facebook: Masfjorden SKU - Masfjorden SK 

Masfjorden sjakklubb er først og fremst ein klubb for barn og unge (SKU), i tillegg har me vaksne medlemmar (SK) som speler lagsjakk og individuelle turneringar i inn- og utland. Me har treningar for barn og unge i Masfjorden og Modalen, me held kurs og me arrangerer turneringar for barn, unge og vaksne.

Juleavslutning Masfjorden SKU 2022

Me avslutta haustsesongen med pizza, pepperkaker, saft og premiar torsdag 8. des.

Roy André sigra i lynsjakkturneringa, Anders på andre, Emil på tredje og Andrea på

fjerde sikra seg pengepremiar. I tillegg var det nokre bokpremiar og sjokolader på

loddtrekning.


Sørås superblitz desember 2022

Søråshøgda arrangerte 11 runder lynsjakk onsdag 7. desember. Roy André spelte seg

til 5 poeng og sjokoladepremie på loddtrekning. Resultatliste.


Vestlandsserien 2022/23

Masfjorden har med eit lag i 1. divisjon avdeling Nord. Første spelehelg 2.-4. desember

vart det tap for Haukås og Bergens 3 og siger mot Søråshøgda 1. Resultatlister.


Siger i Bergen Grand Prix 25.-27. november 2022
Sigve (gruppe A) og Roy André (gruppe C) spelte langsjakk i Bergen Grand Prix denne helga.
Sigve (2148) sigra med perfekt score 5 av 5 poeng, etter mellom annna å ha slått ein 2300
spelar og sikra seg ein pen ratingframgang på 33 poeng.
Resultatlister. Live-partier.


Sørås ekstra superonsdag 2022
Roy André spelte hurtigsjakk på Søråshøgda skule onsdag 23. november, det vart 3 av 5

poeng og med det femteplass i gruppe B + sjokolade på loddtrekning. Resultatlister.


NM for ungdom  18.-20. november
NM for ungdom 2022 vart arrangert i Molde, Masfjorden SKU hadde i år med ein spelar -
Sigve Hølleland (2148) spelte si siste NM-turnering i ungdomsklassane. Det vart ein flott
tredjeplass etter eit godt parti mot GM Johan-Sebastian Christiansen (2582) der han stod til
remis i sluttspelet.
Resultatlister. Sigve.

Sørås Super-Blitz november 2022
Roy André spelte seg til 6 av 11 poeng og åttandeplass i lynsjakkturneringa på Søråshøgda
skule onsdag 2. november.
Resultatliste.


KM for ungdom 2022
Roy André spelte i eldste klasse A (slått saman med B og C), det vart 2.5 av 6 poeng på 6 runder hurtigsjakk på Ytrebygda kultursenter søndag 23. oktober.
Resultatlister.

Sørås superonsdag oktober 2022 
Roy André spelte seg til 2.5 av 5 poeng i hurtigsjakk på Søråshøgda skule onsdag 5. oktober. Resultatliste.

Bergen spillfestival 2022 
To masfjordspelarar tok turen til Bergen. Odd (1454) spelte seg til 6 poeng og Roy André (1289) tok 5 poeng på 10 runder lynsjakk (NGP klasse 3, 4 og 5) lørdag 30. juli. Resultatlister.
Søndag kveld var det hurtigsjakk på programmet, Odd (1614) og Ole Magne (-) spelte i gruppe A og Roy André (1187) i Gruppe B. Resultatlister.

Landsturnering 2022
Landsturneringa
 vart i år arrangert i Kongsvinger 8.-16. juli. Yngve (klasse 1) var den einaste
frå Masfjorden i hovudturneringa, 9 runder klassisk sjakk. Yngve spelte seg til 4 av 6 poeng i
kafésjakk onsdag kveld. På dei 9 rundane i NM i klasse 1 vart det 3 poeng.
Resultatlister.

Fredag 15. juli var det NM i lynsjakk, Odd (senior), Yngve (klasse 1), Odd Helge (klasse 2) og
Roy André (klasse 4) var med frå Masfjorden (+Lisbeth Haugsvær (klasse 2), som no speler for
Offerspill). Roy André spelte seg til finaleplass med 8 av 10 poeng, i finalen vart det ein flott
tredjeplass! Resultatlister.

Sørås Superonsdag Mai og April 2022
Roy André spelte seg til 3 av 5 poeng i hurtigsjakk onsdag 4. mai (resultatliste) og 2 av 5 poeng på Søråshøgda onsdag 6. april. Resultatliste.

Vestlandsserien 2021/22
Andre og siste helg med seriesjakk vart spelt 18.-20. mars i Bergen, Masfjorden sigra (3-2) mot Søråshøgda 1 på lørdag og spelte uavgjort (2.5-2.5) Bergens 3 på søndag.
Første helg i seriesjakken vart spelt helga 3.-5. desember. Masfjorden hadde denne sesongen med eit lag som spelte i 1. divisjon. Det vart tap i dei to første rundane mot Sotra 1 (1.5-3.5) og Bergens 2 (1.5-3.5) og w.o. mot Voss i tredje, i fjerde runde søndag eit nytt tap mot Haukås 1 (1.5-3.5). Resultatlister. Masfjorden. Live.

Bad Wörishofen ChessOrg Festival 11.-19. mars
Odd (senior) og Helge (open) tok turen til sør-tyskland og spelte 9 runder langsjakk, Odd spelte seg til 4 poeng og Helge 5.5 poeng. Resultatlister.

Juleavslutning 2021
Torsdag 9. desember hadde me siste spelekveld før juleferien, i tillegg var det pizza, julekaker, saft og premiering for lynsjakkturnering på menyen. Pengepremiar til Roy André med 88 poeng og førsteplass, Kasper 79 poeng på andre-, Jonathan 71 poeng på tredje- og Magnus 69 poeng på fjerdeplass. Bokpremiar til resten av gjengen og 5 sjokolader vart delt ut på loddtrekning.

Bergen Grand Prix 26.-28. november
Roy André (bilde) spelte i gr. C på Nordnes Bydelshus denne helga. Etter w.o.-remis fredag, jobba han seg til siger i dei to partia som vart spelt lørdag. I dei to siste rundane søndag, vart det eit tap og ein siger. Roy André sikra seg med det førstepremie på kr 600,- i klasse 5. Resultatlister.


NM for ungdom 12.-14. november - Sigve på 2. plass!
NMU vart i år arrangert i Bergen, klubben hadde med 4 spelarar. Sigve, Kjetil, Roy André (alle tre i U26) og Madelein (gr E) kjempa om poeng frå fredag til søndag. Dei tre eldste spelte 7 parti (2 hurtig- og 5 langsjakk), Madelein spelte 9 parti (4 hurtig- og 5 langsjakk). Sigve (2170) spelte seg til andreplass med 5 av 7 poeng, Kjetil (1807) på femte med 4 av 7 og Roy André (1187) 2 av 7. Madelein (-) med 2 av 9 poeng. Resultatlister.

Bronstein Cup 6.11.21
Sigve, Roy André og Madelein varma opp til NMU med 6 runder hurtigsjakk på Straume kulturhus på Sotra. Sigve (1878) spelte seg til 4 av 6 poeng og tredjeplass i gr. A. Roy André (1220) og Madelein spelte i gr. B. Resultatlister.

Turneringsinfo
Meir info om turneringar via lenka over (nytt lenka til Bergensjakk). Du finn lenker til turneringar på lichess (internett) hos Dronningspranget.

Sørås Superlyn 3.11.21
Søråshøgda arrangerte 11 runder lynsjakk onsdag kveld. Roy André (1282) spelte seg til 6 poeng og fjerdeplass i gruppe B, høgdepunktet kom i sjuande runde med siger mot høgaste rata (1847) spelar i turneringa. Resultatliste.

Supertirsdag på
Søråshøgda 26.10.21
Roy André spelte BGP-turnering på Sørås tirsdag kveld, på 6 runder hurtigsjakk vart det 2 sigrar, 2 remis og 2 tap. Han var einaste spelar i klasse ungdom (slått saman med kadett og lilleputt). Resultatlister.

KM for ungdom 23.10.21
Sotra SKU arrangerte lørdag KM for ungdom på Brattholmen skule. Det vart spelt 6 runder hurtigsjakk og kåra 7 krinsmeistrar i klasser delt inn etter alder. Roy André spelte i gr A (slått saman med B), Monir i gr F (slått saman med E) og Manar (bilde) i gr G. Resultatlister.

Sørås superonsdag 6.10.21
Roy André spelte seg til ein flott tredjeplass i gr. B med 4 av 5 poeng. Resultatlister.


Masfjorden Grand Prix 14. - 16. februar
Turneringa hadde 38 spelarar fordelt på 3 grupper. I gr A sigra FM Joachim Solberg (2241), Alta med 4 av 5 poeng, IM Erlend Mikalsen (2364), Alta på andre og Afras Mansoor (2105), Søråshøgda på tredje - begge med 3.5 poeng. Markus Westvik (1344), Søråshøgda sigra i gr B med 4 av 5 poeng, Shjalg Ole Næss (1607), Masfjorden på andre og David Hellesøy (1316), Folgefonn på tredje spelte seg begge til 3.5 poeng. Alexander Aasen (1223), Haukås sigra i gr C med 4 av 5 poeng, på andreplass med samme poengsum kom Siver Flaten (-), Søråshøgda og på tredjeplass Brian Mapakamise (-), Masfjorden/ZIM med 3.5 poeng (bilete av dei tre beste i gr C).  Resultatlister.

Masfjorden Lyn 2020 lørdag 15. februar
Lørdag kveld vart det spelt 10 runder Fide-rata lynsjakk, med heile 39 spelarar i ei gruppe. IM Erlend Mikalsen (2368) sigra på kvalitet med 9 poeng, IM Kjetil Stokke (2387) på andreplass og FM Joachim Solberg (2330) på tredje med 7.5 poeng. Joakim Aasen (1720) imponerte med fjerdeplass og ein ratingframgang på 86 poeng. Heine Aa Tveranger (1357) vart beste masfjordspelar på niandeplass med 6 poeng og ein ratingframgang på 77 poeng. Brian Mapakamise vart beste urata spelar med 5 poeng og ratingprestasjon (1450). Resultatliste.

Hurtigsjakk lørdag 15. februar
Jonathan E. Larsen sigra, Jonathan Gravdal på andre og Bella Marie Young på tredje av 16 spelarar i yngste gruppe. Shjalg Ole Næss sigra i eldste (spelarar med rating) gruppe. Resultatlister.

Sørås Superonsdag 5. februar
Odd i gr. A og Roy André i gr. B spelte hurtigsjakk onsdag kveld. Roy André spelte seg til 3.5 av 5 poeng og fjerdeplass (same poengsum som andre- og tredjeplass). Resultatlister.

Vestlandsserien 2019/20
Resultatliste for Masfjorden 1 og 2: Vestlandsserien.

NM i lynsjakk 10. januar
Sigve (gr. A) og Kasper (gr. B) spelte 9 runder i NM i lynsjakk i Drammen fredag kveld.
Kasper (1295) imponerte med ein 13. plass av 167 i gr. B (5. plass i klasse 3), han spelte seg til 6.5 poeng mot eit ratingsnitt på (1703) og auka eigen rating med 113 poeng! 
Sigve (1949) spelte seg til 5 poeng og 4. plass i klasse 1 ( 38. plass av 98 i gr. A).

NM i hurtigsjakk 11.-12. januar
Lørdag og søndag var det 10 runder i NM i hurtigsjakk (det var over 400 spelarar påmeldt i begge turneringane).
Kasper (1124) spelte seg til 3.5 av 10 poeng i gr. B og ein ratingframgang på 54 poeng. Sigve (1846) spelte seg til 5.5 poeng i gr. A og Ola (-) 2.5 poeng i gr. C.

Søråshøgda Superonsdag 8. januar
Sigve (gr. A) og Roy André (gr. B) spelte fem runder hurtigsjakk onsdag kveld. Roy André spelte seg til 4 av 5 poeng, tredjeplass av 24, pengepremie og ratingframgang. Sigve spelte seg til 4 av 5 poeng, fjerdeplass av 18 og pengepremie. Rekordmange 42 spelarar stiller til start på Søråshøgda skole. Resultatlister.

NSF sin hedersplakett
Lørdag kveld (5. januar) markerte presidenten i Norges Sjakkforbund, Morten L. Madsen, at forbundet i 2018 gjorde vedtak på at Odd Helge Birkestrand skulle tildelast NSF sin hedersplakett ("NSFs hedersplakett tildeles medlemmer som har utmerket seg i klubb og/eller krets, sjakklig og/eller administrativt").

I grunngjevinga for vedtaket var det mellom anna skrive om mange år som trenar, leiar, reiseleiar i inn- og utland og arrangør av sjakkturneringar og sjakkleirar.

Kulturprisen 2018
Masfjorden sjakklubb fekk 11. august sin andre kulturpris i Masfjorden kommune. Odd fekk den første i 1997, denne gongen fekk Odd Helge prisen for arbeidet som leiar (arrangement, heimesider mm), trenar og reiseleiar frå Alta i nord til London i sør. Odd Helge starta som spelar i klubben i 1978, etter utdanning på Austrheim (der han starta og leia sjakklubb i 2 år) og på austlandet vart han trenar/reiseleiar i 1986 og leiar i klubben sidan tidleg på 2000-talet.
(mammo fekk blomane, utan pappen og ho tviler me på at det hadde vore sjakklubb i Masfjorden dei siste førti åra - historikk 1978-2011).

Her er svara Odd Helge gav til Strilen (alt dette kom ikkje med):
Eg starta som spelar i klubben då den vart stifta i 1978 (av Odd Birkestrand - leiar og trenar, Magnhild Vik - kasserar og Magne Haugsvær - styremedlem). Dei første åra vart det mange turar langs vestlandskysten på reise til turneringar med mammo som sjåfør. Så bar det ut i verda for å ta utdanning; først tre år på Austrheim vgs, der eg starta og leia sjakklubb i to år. Etter at utdanninga var ferdig i 1986, fekk eg jobb på Sandnes skule og vart engasjert som trenar i klubben - litt fordi me då kunne gje tilbod om sjakktrening til fleire enn dei pappen klarte aleina.
Noko av det kjekkaste med å læra andre å spela sjakk er å sjå kor glade dei blir når dei lærer seg ulike teknikkar for å vinna sjakkparti. Det handlar og om å få lov til å læra andre ein hobby som dei kan ha glede av resten av livet. Og ikkje minst at sjakk er veldig inkluderande; sjakk ser ikkje forskjell på alder og kjønn, om du er blind eller sit i rullestol (les nederst på sida Arkiv 1978-2011: "Sjakk er fantastisk").
Høgdepunkt er det fleire av; i ein periode var det omlag 100 medlemmar i klubben, me har arrangert fleire NM med stor suksess for klubben sosialt, økonomisk og sjakkleg. Og det har sjølvsagt vore kjekt å få vera med på å trena barn og unge som har blitt krinsmeistrar og ikkje minst noregsmeistrar for skulelag og jenter, les meir: http://www.masfjordensku.com/80774383
Det var veldig kjekt å få kulturprisen og alle gratulasjonane etterpå. Sjakkmiljøet er tufta på dugnad og eldsjeler, og å få anerkjenning for mange tusen timar med treningar, styremøte, arrangement av turneringar, sjakkleir, heimesider, facebooksider, og reiser som trenar/reiseleiar frå Alta i nord til London i sør gjer meg glad og litt stolt av det me har fått til i Masfjorden. At me i dag har medlemmar frå fem kommunar (Lindås, Modalen, Vaksdal, Gulen og Masfjorden), fortel vel og noko om at engasjementet vårt har nådd utanfor kommunegrensene (i "vaksenavdelinga" har me i tillegg medlemmar på Austrheim og Askøy, i Bergen, Fusa, Oslo og Trondheim).
Eit par høgdepunkt til: eg har fått mange gode venner i sjakkmiljøet og har dei siste åra treft igjen spelarar frå den tida eg starta å spela - både på turneringar i Norge og utanlands. Lillesøstra mi begynta tidleg å vinna over meg i sjakk (eg vart litt sur i starten), men veldig kjekt når ho vart den første vinnaren av NM for jenter og seinare spelte remis mot Susan Polgar i EM i Jugoslavia!

Og så er eg heilt sikker på at sjakk er ein god måte å læra å konsentrera seg på, du lærer fort at det å tapa er ein del av livet og dei fleste får eit sunt forhold til det. Det er fleire studier som viser at mange barn og unge har nytte av det dei lærer i sjakklubben i skulearbeidet.

USF sin medalje i gull
Odd fekk før siste runde i NM for klubblag tildelt USF sin medalje i gull (æresmedlem i USF) av leiar Johannes L. Kvisla. USF takka for det 40 år lange frivillige arbeidet med sjakk for barn og unge med vekt på å få fleire jenter med i sjakkmiljøet. Han nemnde og at Odd har vore trenar for to barneskulelag som sigra i NM, og fleire sigrar i NM for jenter. Les meir om NM-titlar her.

Tidlegare har Odd fått kulturprisen for m.a. sitt frivillige arbeid med fotball og sjakk for barn og unge i Masfjorden. Han har og fått tildelt kongen sin medalje i sølv for arbeidet på skulen og det same frivillige arbeidet i Masfjorden. Og Odd vart sjølvsagt det første æresmedlemmet i Masfjorden SKU - utnemnd i 2003 (25 års-jubileum). Historikk 1978-2011.

To nye æresmedlemmer i Masfjorden SKU
Før siste runde i lynsjakken vart Arn-Tore Haugsdal og Odd Helge Birkestrand tildelt æresmedlemsskap for sitt frivillige arbeid med barn og unge i Masfjorden SKU. Odd Birkestrand (æresmedlem sidan 2003) fekk eit gåvekort for arbeidet han har lagt ned for sjakklubben i 40 år!

Bilete: Odd og Odd Helge speler lynsjakk mot GM Jon Ludvig Hammer, resultat 0 - 2. Fotograf: Audun Hølleland

Jubileumslyn 17.2.18
40 spelarar + GM Jon Ludvig Hammer (spelte mot to i kvar runde med diverse tidshandicap) stilte til start i 10 runder lynsjakk (3min+2sek) lørdag kveld. Jon Ludvig sigra i 18 av 20 parti! Aleksander Fossan, Stavanger spelte seg til førstepremie, med Sander Fuglestein, Sevland på andre og Afras Mansoor, Søråshøgda på tredje. Beste masfjordspelar vart Sigve Hølleland på femteplass. Sigve var den einaste som sigra mot Aleksander - som til gjenjeld spurta sterkt, m.a. med siger mot Jon Ludvig. Resultatliste: Lynsjakk.